Foreningen !Les har på nettsida si skildra planane om framsyning av ein kortversjon av filmen på kinoar over heile landet til 250 000 heldige kinogjestar. Filmen skal understreke bibliotekarane og biblioteka si viktige samfunnsrolle for litteratur og formidling, og er finansiert av midlar frå Leseåret 2010 og støtta av Nasjonalbiblioteket, Norsk Forfattersentrum og Arbeidslivets leseløft. Samtidig med filmen vert det også lansert ein iPhone-applikasjon, Boktips, der filmen sin hovudperson, Kyrre, gir daglege boktips. Applikasjonen kan lastes ned gratis på App Store og er tilgjengeleg for iPhone, iPod touch og iPad.