Fylkesbiblioteket har fått midlar frå Nasjonalbiblioteket til prosjektet  «Lesarhistoria – ny veg til lesaren».

Prosjektet tek utgangspunkt i omgrepet lesarhistorie, som handlar om lesaren sitt forhold til lesing. Haldning til lesing, lesemodellar, interesser og gode og dårlege leseopplevingar er døme på det som til saman utgjer lånaren si lesarhistorie.

I  prosjektet ynskjer vi å finne ut meir om korleis nye formidlingsmetodar kan utviklast med utgangspunkt i barn og unge sine lesarhistorier. Vi vil auke kunnskapen om korleis vi kan skreddarsy formidlinga til den einskilde. Vi trur at folkebiblioteka, skulane og barnehagane treng å samarbeide om litteraturformidlinga, og at det er nødvendig å evaluere formidlinga meir systematisk. I prosjektet er det difor engasjert eksterne rettleiarar/forskarar, som skal gi råd i planlegging og gjennomføring, og som skal hjelpe oss med å formidle resultata frå prosjektet. Her samarbeider vi med Høgskulen i Oslo og Akershus, Institutt for arkiv, bibliotek og informasjonsvitenskap. Også fagpersonar frå andre fagmiljø, som Nynorsksenteret og Lesesenteret, blir bedne om bidra på seminar og møte.

Prosjektet er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteket, folkebibliotek, skular og barnehagar. Folkebiblioteka går inn med sin kunnskap om ulike typar trykte og digitale tekstar til barn og unge, skulane og barnehagane med sin kunnskap om leseopplæring og den einskilde elev.

Følgjande kommunar deltek i prosjektet:

  • Flora
  • Sogndal
  • Gloppen
  • Balestrand
  • Bremanger

Ta gjerne kontakt med Bente på e-post eller tlf 57 63 79 51 om de vil vite meir!