Fylkesbiblioteket søkte Nasjonalbiblioteket om utviklingsmidlar til prosjektet «Lesarhistoria – ny veg til lesaren». Nasjonalbiblioteket løyvde tilskot samla på kr 1 470 000, først kr 120 000 til forprosjekt, og kr 450 000 per år i hovudprosjektet. I november 2017 vart prosjektet presentert på Høgskolen i Oslo og Akershus, og i 2018 vart prosjektet formelt avslutta. Les sluttrapporten frå prosjektet. 

Lesarhistoria
Prosjektet tek utgangspunkt i omgrepet lesarhistoria: "Begrepet leserhistorie brukes for å karakterisere mer enn en lesers kodekompetanse, leseflyt, leseforståelse og forståelsesevne. I en leserhistorie inngår også leserens leseerfaringer på godt og vondt og metaperspektivet leseren har på egen lesing og leseutvikling. I leserhistorien kartlegges for eksempel holdninger til lesing, lesemodeller eleven har i nære relasjoner, og mulige temaer og sjangrer leseren kan motiveres av. Medievaner og elevens forhold til digitale tekster og sosiale medier kartlegges, i tillegg til elevens bruk av skole- og folkebibliotek. Det dreier seg også om deltakelse i skolens tekstsamtaler og leserens egen språkbruk om lesing og lesestoff" (Kåre Kverndokken: Gutter og lesing, Fagbokforlaget, 2013, s. 156).

I prosjektet har vi ynskt å finne ut meir om korleis nye formidlingsmetodar kan utviklast med utgangspunkt i barn og unge sine lesarhistorier. Vi ville auke kunnskapen om korleis skreddarsy formidlinga til den einskilde. Vi trur at folkebiblioteka, skulane og barnehagane treng å samarbeide om litteraturformidlinga, og at det er nødvendig å evaluere formidlinga meir systematisk. I prosjektet har det difor vore engasjert eksterne rettleiarar/forskarar, som skulle gi råd i planlegging og gjennomføring, og som har hjulpe oss med å formidle resultata frå prosjektet. Her har vi samarbeidd med Høgskulen i Oslo og Akershus, Institutt for arkiv, bibliotek og informasjonsvitenskap. 

Prosjektet har vore eit samarbeid mellom fylkesbiblioteket, folkebibliotek, skular og barnehagar. Folkebiblioteka har gått inn med sin kunnskap om ulike typar trykte og digitale tekstar til barn og unge, skulane og barnehagane med sin kunnskap om leseopplæring og den einskilde elev.

Følgjande kommunar har delteke i prosjektet:

Nedom følgjer ei kort skildring av dei ulike delprosjekta, ein samla rapport frå alle delprosjekta kan du lese her. Ta gjerne kontakt med prosjektleiar Bente på e-post eller tlf 57 63 79 51 om du vil vite meir. 

Presentasjon av delprosjekta
Gloppen folkebibliotek og Nordstranda skule (2. og 3. klasse)

Biblioteket ynskte å auke kompetansen på formidling til ei gruppe som enno ikkje var etablerte bibliotekbrukarar. Gjennom satsing på tidleg start ville dei gjere ferske lesarar til trygge bibliotekbrukarar. Biblioteket har utarbeidd gode temabaserte presentasjonar for kvart klassebesøk. Gjennom godt samarbeid med lærarane, har ein kunna samkøyre norskundervisinga med aktivitetane i biblioteket, og lærarane har omtalt det som eit godt supplement til undervisninga.

Les sluttrapport frå prosjektet: Sjangerkunnskap og myndiggjering. For meir informasjon om prosjektet, kontakt bibliotekar Ann-Kristin Hovstad ved Gloppen folkebibliotek eller lærar Reidun Sandøy Os ved Nordstranda skule.


Sogndal bibliotek og Kaupanger skule (6.-7. trinn)
Biblioteket har hatt som mål å vidareutvikle skulebesøk og finne ein måte å treffe med bokval for å auke lesemotivasjonen hjå elevane. Skulen har ynskt å skape eit lesande miljø.

Biblioteket har samarbeidd tett med lærar og fylgt ein klasse i to år. Gjennom brevveksling har bibliotekaren testa individuell formidling som har tatt utgangspunkt i enkeltelevar si lesarhistorie og slik funne ein måte å treffe med individuelle bokval for å auke elevar sin lesemotivasjon. 

Les sluttrapporten frå prosjektet: Leseoppleving og nye formidlingsmetodar. For meir informasjon om prosjektet, kontakt Eli Kjos-Wenjum ved Sogndal bibliotek eller lærar Kristin Fossnes ved Kaupanger skule.
 

Bremanger og Davik barnehage (førskule)
Barnehagen ville utvikle seg til å bli ein barnehage med lesande barn og ynskte bidra til at alle barn skulle bli glade i bøker. Gjennom tidleg start, tettare samarbeid med folkebiblioteket, involvering av foreldra og medvite fokus på lesing og bøker i bruk har dei vore med og skapt lesarhistorier hos føreskulebarn. Prosjektet har gjort personalet meir reflektert og dei brukar varierte formidlingsmetodar i eiga formidling, lesing er blitt ein like naturleg del av kvardagen som anna. 

Barnehagen har tatt initiativ til eit tettare samarbeid med folkebiblioteket og saman har dei fått til jamlege besøk frå barnebibliotekar og bokpåfyll til bokkassar og garderobebibliotek i barnehagen. I tillegg har barnehagen arrangert bokkafé med foreldre, hatt tema om lesing på foreldremøte, store les til små, «mi favorittbok», skrive bok sjølv, lesing ute i det fri, dialogisk lesing, bokdramatisering, e-bøker og digital formidling.

For meir informasjon om prosjektet, kontakt barnehagepedagog Astrid Olsbø eller barnebibliotekar Trond Strand ved Hauge filial.
 

Balestrand folkebibliotek og Sagatun skule  (ungdomstrinn)
Ved tett følging av ein ungdomsklasse frå 8.-10. trinn ville ein sjå om det skjedde ei utvikling i elevane si lesarhistorie. Vart elevane meir medvite og rusta til å vurdere litteratur ut frå eigne preferansar? Elevane har vore sterkt involvert i arbeidet med Uprisen, både som anmeldarklasse og som juryklasse. Gjennom skriftlege bokmeldingar og litterære samtalar ser ein tydeleg at elevane har fått auka kompetanse på litteraturkritikk. Bibliotekaren har fylgt arbeidet med Uprisen tett og er blitt involvert i arbeidet gjennom ma. presentasjonar og supplering av bøker til elevane. Å involvere biblioteket i leseaksjonen har bidrege positivt.

For meir informasjon om prosjektet, kontakt lærar ved Sagatun skule Liv Ese eller bibliotekar Kari Bolstad ved Balestrand folkebibliotek.
 

Flora folkebibliotek og Krokane skule (5., 7. og 8. trinn)
Prosjektet er integrert i Flora kommune sin årlege leseaksjon med mål om å vekkje leselyst. Gjennom brevveksling mellom barnebibliotekar og skulebibliotekar og elevar ville ein teste om det letta arbeidet med å finne rett bok til rett elev. Elevane sine personlege lesarhistorier danna grunnlag for bibliotekarane sine refleksjonar kring utveljing av bøker til den enkelte elev. Ein ser som resultat av arbeidet at elevane har eit større engasjement for bøker og lesing, dei er villige til å utvide lesehorisonten sin med nye bøker og genrar. Bøker som vert utvalt til dei personleg gjer at lesemotivasjonen aukar, og dei har større tilbøyelegheit til både å lese boka og til å like ho.

Les sluttrapporten frå prosjektet: Brevskriving og dømmekraft. For meir informasjon om prosjektet, kontakt bibliotekar Lise Monsen ved Flora folkebibliotek eller skulebibliotekar Torhild Madsen ved Krokane skule.