Pressreader er ei digital avisteneste som gir tilgang til over 5000 aviser og tidsskrift frå heile verda, på over 60 språk

Dei elleve folkebiblioteka er Vik, Bremanger, Luster, Årdal, Gloppen, Eid, Vågsøy, Stryn, Sogndal, Flora og Førde.

Ein kan lese avis/tidsskrift på pc'ar i biblioteket, eller ein kan laste ned via ein app til smarttelefon eller nettbrett. Lastar ein ned appen får ein online tilgang utanfor biblioteket i 72 timer.

Korleis kan du bruke tenesta.

Avisene og tidsskrifta i pressreader.

Ordninga er eit spleiselag mellom fylkesbiblioteket og dei deltakande biblioteka. Fylkesbiblioteket dekkjer kring ein tredel av kostnaden; resten er fordelt etter ein prismodell bygd på innbyggjartala i kommunane. Avtalen gjeld for eitt år i første omgang.

Det er framleis mogleg for fleire bibliotek å knyte seg til abonnementet. Ta kontakt med Ingrid Dræge for å få å høyre meir om korleis de gjer det og kva prisen vil bli for din kommune.