Tips til sommarlektyre. Klikk og les. Sommarbøker. Lasso rundt fru Luna av Agnar Mykle. No er den gjeven ut i komplett form - det vil seie utan strykningar og utelatingar gjort av forlaget for å korte ned romanen. God lesing. Lasso rundt fru Luna - Agnar Mykle; Korrigeringer av nordamerikanaren Jonathan Franzen. "Jeg skulle ønske den aldri tok slutt". Det var omtalen ein medstudent av meg gav denne romanen. Ein god attest, synest eg.   Korrigeringer - Jonathan Franzen; Noko skrekkeleg for å halde seg vaken i sommarvarmen? Prøv og vis fram Edgar Allan Poe. Han har skrive meisterlege noveller - lett fordøyelege. Eller? poe Eg ser ikkje bort i frå at Paasilinna, den morosame finske forfattaren, har lese Don Quijote. Magemusklane mine fekk trimme seg skikkeleg då eg las om innbillingane og dei forskrudde situasjonane lågadelsmannen og tenaren hans, Sancho Panza, kom ut for. Det er nok å lese bok 1 av denne klassikaren - eg garanterer godt humør. Omslagsbilde