Lars Ove Seljestad, ein av dei fremste samtidsforfattarane i Noreg, skal fortelje og lese frå forfattarskapen sin som omfattar både skjønn- og faglitteratur. Hovudvekta vil vere på landets første fabrikkdikt, Storspring, utgitt i sommar, der smelteverket i Odda er kjernen.

I tillegg til møtet med litteraturen til Seljestad skal det vere ulike lokale kulturinnslag ved dei fem samkoma. Arrangementa finn stad i lokala til folkebiblioteka, med unntak av i Dale i Fjaler der folkebiblioteket i samarbeid med Litteraturmisjonen har forfattarbesøket i Løa i Jakob Sande-tunet. Alle stadar blir det enkel servering.

 

  • Florø søndag 20. oktober kl. 17.
    Flora folkebibliotek, Flora samfunnshus. Lokalt kulturinnslag: Song frå medlemmar av koret Koriander.

  • Askvoll måndag 21. oktober kl. 18.
    Askvoll bibliotek, Askvoll skule. Lokalt kulturinnslag: Jarl Audun syng og spelar og Kjell Eikemo syner bilete frå industrihistoria i Dalsfjorden.

  • Hyllestad tysdag 22. oktober kl. 18.
    Hyllestad folkebibliotek, Hyllestad samfunnshus. Lokalt kulturinnslag: Kjartan Hatløy les eigne dikt.

  • Fjaler onsdag 23. oktober kl.19.30.
    Løa i Jakob Sande-tunet, Dale. Fjaler folkebibliotek i samarbeid med Litteraturmisjonen. Lokalt kulturinnslag: Folkemusikk i samband med Folkemusikkveka 2013 i Sogn og Fjordane.

  • Gaular torsdag 24. oktober kl.19.30.
    Gaular folkebibliotek. Sande. Lokalt kulturinnslag: Sang av Sande Blandakor.

 

Lars Ove Seljestad er utdanna sosiolog, busett i Bærum, og debuterte i 2005 med romanen Blind som fekk stor merksemd. Etter ei sakprosa-bok året etter om klassereise som sosialt fenomen, kom romanane Frægd, Fjorden og Isberg i høvesvis 2009, 2011 og 2012. Seljestad skriv på eit framifrå nynorsk, og i Fjorden skriv han om far-son-problematikk i det nye årtusenet. I Isberg nærmar han seg dei menneskelege skjelva etter terrorhandlinga 22. juli 2011, og med Storspring debuterer Seljestad i poesisjangeren.

 

Forfattarturnéen er finansiert med støtte frå Fritt Ord. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har teke initiativ til turnéen, og tiltaket er i tråd med strategien om å styrkje formidlinga av litteratur i fylket omtalt i Strategisk plan for bibliotekutvikling i Sogn og Fjordane 2011-2014.