Forfattarar frå Sogn og Fjordane - den litterære fylkestoppen og lansering av ny nettstad

Bokkafé på Sogndal bibliotek 9. desember klokka 11.00

Program

Foredrag av Ove Eide: Den litterære fylkestoppen. Ei vandring gjennom litteraturen i Sogn og Fjordane gjennom 250 år - og eit framlegg til ein fylkeskanon.

Ove Eide er pensjonert lektor, forfattar og foredragshaldar, og kanskje den i Sogn og Fjordane som har mest inngåande kjennskap til litteraturen i fylket. Eide vil peike på nokre historiske linjer og trekkje fram dei av forfattarane våre han meiner ruvar høgst litterært.

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek lanserer den nye nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane. 
Nettstaden gir tilgang til artiklar om forfattarar med tilknyting til fylket. Det er mange søkemogelegheiter, slik at ein kan finne forfattarar basert på ulike kriterium som t.d. sjanger dei skriv i, kommunar dei har tilknyting til og fødselsår.

Enkel servering.
Velkomen!

Forfattarar frå Sogn og Fjordane - nettstad