• Fylkesbiblioteket lagar eit lånekort på skulen der den ansvarlege læraren blir registrert. I personvernerklæringa kan du lese meir om kva opplysingar som blir registrerte i utlånssystemet og korleis dei blir handsama.
  • Lånetida er inntil to månader. I tillegg kan lånet fornyast om det ikkje er venteliste, kontakt fylkesbiblioteket. Ynskjer du å låne klassesettet vidare til ein annan lærar må også fylkesbiblioteket kontaktast først.
  • Om det er skade på bøkene når lånaren får dei, eller talet ikkje stemmer, må ein gi melding til fylkesbiblioteket ved Anne Marit Ytterbø (tlf. 57 63 79 55) eller Astrid Sundset Moe (tlf. 57 63 79 53).
  • Skulen er ansvarleg for erstatning av tapte og øydelagde bøker, ikkje den enkelte lærar eller elev.
  • Ved for sein levering kjem det varselbrev («purring»). Varselbrev er automatisk genererte e-postar som blir sendt til ansvarleg lærar ved registrert e-postadresse.
  • Etter to varselbrev vert det sendt rekning. Ordinært erstatningsbeløp for tapt eller øydelagd bok/lydbok/dvd er 300 kr. Rekning blir sendt til kommunen. Om bøkene kjem til rette etter at faktura er sendt, må bøkene likevel erstattast og er då å rekne som skulens eigedom. 
  • Alle bøkene skal returnerast ved skuleårets slutt.