Mange bibliotek er naturleg nok spente på kva som skjer, og korleis ein sjølv skal posisjonere seg i den nye e-bokkvardagen. Arrangøren stilte spørsmålet "Er biblioteka budd på utlån av e-bøker?" og i løpet av konferansen kom det blant anna fram at fleire har vore budd i lang tid, men spør seg om dei skal kome i gong eller sitje på gjerdet så lenge forvaltning og teknologi ikkje er avklart og prøvd ut. Eit anna svar er at vi i alle høve må setje fokus på kva rolle biblioteka skal ta i åra som kjem.

På konferansen fekk vi høyre om BS weblån, om prosjekt Ryfylke, om det skrankelause biblioteket på Lindås, og vi fekk vite litt om Bergen offentlige bibliotek som prøver seg på utlån av lesebrett. Nedanfor er våre notatar og ei oppsummering av kva som vart diskutert, og presentasjonar frå føredragshaldarane. Kanskje det gir svar på nokre spørsmål, eller i alle fall syner kva som er på gang hjå nokre utvalte bibliotek. Bruk gjerne kommentarfeltet nedanfor dersom du ønskjer å diskutere dette ytterlegare!