Ingvild H. Rishøi debuterte i fjor med novellesamlinga La stå. Den er klassifisert som ei bok for vaksne, men eg kan ikkje sjå at ungdom 16-19 år vil ta skade av den. Rishøi presenterer oss sju noveller, og det er akkurat ungdom og unge vaksne det handlar om:dei er på flukt innvendig og utvendig, leitar etter seg sjølve; kavar med identitet og tilpassing. I det heile trur eg menneske som er i ein overgangstilstand mellom ungdom-vaksen kan finne attklang i denne boka.

Rishøi tar i bruk originale forteljargrep, som i novella Hilsen Julie der teksten blir driven fram av hovudpersonen sine skrivingar som lita jente i ei hyttebok og brev ho strevar med å formulere i no-tida då alderen hennar har krope over 20 år.

Språket til Ingvild Rishøi er friskt, sprudlande, engasjerande, og teksten etterlet seg rom der lesaren kan undre seg og spegle seg i meininga som bokstavane skapar.

Noveller er som de veit eit godt alternativ for brukarar, unge og eldre, som ikkje likar å lese (lange tekstar) og som kanskje strevar med å finne litteratur å setje pris på.