Dei som var og høyrde på foredraga om (fjor)årets barne- og ungdomsbøker i Førde i desember minnast kanskje den rosande omtala Ine Marit Torsvik Bertelsen gav ungdomsromanen Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? av Bjørn Sortland.

Eg sluttar meg fullt og heilt til skrytet. Teksten røyvde ved meg; eg fekk klump i halsen og den gjorde meg rørt. Temaet i boka er alvorleg: kjærleik og død. Ung kjærleik og ung død. Eg meiner forfattar Bjørn Sortland på ein god måte har meistra balansekunsten mellom sentimentalitet og alvor.

To unge menneske treff kvarandre heilt tilfeldig, dei blir forelska, men alvorleg sjukdom hindrar den eine i å leve. Teksten skildrar prosessen frå møte til det siste avskil. Stilen er lågmælt, sår og stillferdig. Eg synest teksten får fram ei øm stemning trass i den sørgelege endelikta.

Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? av Bjørn Sortland høver etter mitt syn best for niande- og tiandeklassingar og i vidaregåande. Den kan også anbefalast for vaksne lesarar.

Hugsar de svaret på gåta tittelen av boka stiller? Tausheita.