Lyrikk, takk! Seminar om samtidslyrikken innanfor innkjøpsordningane

Når: 
24. April kl. 10.30 - kl. 14.45
Kvar: 
Hofslund Fjordhotel, Sogndal
Påmeldingsfrist: 
11 April, 2014

Formålet med seminaret er å informere om kulturfondbøkene og innkjøpsordningane og å inspirere m.a. bibliotektilsette til å lage eigne arrangement og aktivitetar om formidling av lyrikk. Det vert innlegg om biblioteka sitt samfunnsoppdrag, aktuelle formidlingstiltak og om norsk samtidslyrikk, samt høgtlesing av lyrikarane Mona Høvring og Henning H. Bergsvåg.

Om kvelden møter dei same lyrikarane publikum i Sogndal bibliotek kl. 19.00-20.00.

Program for seminaret:

10.30-10.35    Velkommen ved fylkesbiblioteket og Sogndal bibliotek
10.35-10.40    Høgtlesing ved Mona Høvring og Henning H. Bergsvåg
10.40-11.10    Innkjøpsordningane for lyrikk, innleiing ved Arne Vestbø, Kulturrådet
11.10-11.40    Folkebiblioteka - samfunnsansvar og formidlingsoppgåver – med døme på tiltak i biblioteka,
                       ved Hilde Ljødal, Nasjonalbiblioteket
11.40-12.00    Spørsmål og svar – samtale
12.00-12.45    Lunsj
12.45:13.30    Foredrag om norsk samtidslyrikk, v/Cathrine Strøm
13.30-13.45    Pause
13.45-14.30    Høgtlesing ved Mona Høvring og Henning H. Bergsvåg
14.30-14.45    Avslutning

Målgruppe: Bibliotektilsette og andre med interesse for formidling av lyrikk
Seminaret er gratis. 

Arrangørar: Sogndal bibliotek og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, med støtte frå Nasjonalbiblioteket, Kulturrådet, Den Norske forfatterforening og Forleggerforeningen, 

 

Forfattarane:

Mona Høvring (f. 1962) har gitt ut diktsamlingane IIK!! Ein dialog (1998), Ensomme badedager og andre dikt (2000), Helt vanlige mirakler (2006), Å paradis (2008) og Ekornet og den vaklevorne brua (2010). I 2006 vart diktet ”Fersken, Plomme, Pære” frå diktsamlinga Helt vanlige mirakler nominert til årets dikt av programmet Ordfront på NRK P2. Helt vanlige mirakler vart nominert til Ungdommens Kritikerpris i 2007. Høvring har òg skrive fleire romanar. I 2012 vart ho tildelt Språklig samlings litteraturpris for forfattarskapen sin. For romanen Camillas lange netter vart ho nominert til Nordisk råds litteraturpris 2013.

I grunngjevinga for Språklig samlings litteraturpris skriv juryen:

"Det er ein solid og mangfaldig forfattarskap av lyrikk og prosa som har følgt sin eigen veg frå starten. På denne vegen har skriftmålet gått frå nynorsk i førsteboka til seinare å stå støtt på eit breibeint bokmål. Eit skjerpa, fokusert blikk har halde fast ved nokre grunntema og motiv. Dette har gjort lesarar svoltne på meir. Hos kritikarane allereie frå første bok har vi høyrt bønna. Meir, Høvring! Meir Høvring!

Kva er det som gjer at lesarane vil ha meir? Kritikarar viser til samanhengen mellom bøkene, altså, det gjenkjennelege. Samtidig peikar lesarane på kreativiteten og det overraskande i tekstane. Gjentakande motiv gjer at ein kan kjenne seg heime i litteraturen, det er kvinner i sentrum, kroppar, relasjonar, berøring, basseng, vatn, hav, badedrakter, planter, vedlikehald av planter, tilhøyrsle, seksualitet, skaping, salmer, salt, tilnærminga til andre tekstar og opphevinga av deira lover. Tekstane viser vesentlege sider ved livet, og gjennom dei, må vi sjå etter og kjenne etter på nytt. Forfattarskapen spenner opp ei kvelving utstrekt i tid med rom for møte med andre tider og tekstar og, i det heile, tankar av stort og smått, nært og fjernt. Under denne kvelvinga, eller i dette badevatnet, møter vi eit rikt, levande språk som skaper undring og eksistensiell refleksjon over livet."

 

Henning H. Bergsvåg debuterte hausten 2000 med diktsamlinga Newfoundland. Då hadde han allereie publisert dikt i Signaler 98 og i tidsskrift som Nemesis og Journal Ka. Han var ei av drivkreftene bak Bergen internasjonale poesifestival, og er òg engasjert i Den Norske Forfatterforening. Bergsvåg er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Bergen og det 2-årige forfattarstudiet Litterär Gestaltning ved Göteborgs Universitet. Hans dikting orienterer seg mot samtidige franske og svenske stemmer, og han har vore gjendikta til svensk i tidsskrift som Oei og Horisont.

Henning H. Bergsvåg er fødd 1974 i Bergen, der han framleis bur.

Bergsvåg skriv i eit intervju med seg sjølv på Bergen offentlige bibliotek sin nettstad i 2010: Alt kan skje i et dikt. Bilder, eksplosjoner. At man kan skrive setningen: ”Jordkloden eksploderer, BANG!” og så se det for seg. Det er så enkelt å skrive det ned. Den satte i gang skrivelysten. Jeg begynte å eksperimentere med den psykiske bildeeffekten av språk. Hvordan bilder oppstår hos oss som lesere. Og muligheten i å lage umulige bilder og sammenstillinger. Bryte ned den autoritære språkføringen.