Ein viktig del av fylkesbiblioteket si oppgåve er å gi tilbod om fagleg utvikling til bibliotektilsette i fylket. Kurs og møteverksemd er verdifulle arenaer for fagleg påfyll, samtidig som det gir eit regionalt bibliotekmiljø som mange utan kollegaer å støtte seg til saknar i det daglege.

Kvart år tilbyr vi ei rekkje kurs og samlingar på bakgrunn av kva kursønskjer som fins i miljøet og kva vi ser som aktuelt. Nokre kurs og samlingar er faste kvart år, medan andre kjem til etter kvart, kursplanen vert difor kontinuerleg oppdatert og endringar kan førekome.

Planlagde kurs og arrangement vert publisert på våre nettsider og i tillegg vert det sendt ut invitasjon med påmelding og detaljar om innhald.