Kurset er for dei som har jobba med Mikromarc tidlegare og kan det grunnleggande men som gjerne vil ha ei oppfrisking og tips og råd om nyttige funskjonar. 

Kurset inneheld tips og triks, nye ting som er nyttige å få med seg, litt meir avanserte funskjonar - rett og slett betre utnytting av mogelegheitene i systemet.

Tema vi vil kome innom er:

  • Eksemplarmodul – massehandtering av eksemplar
  • Fjernlån og Depot 
  • Handtering av nasjonale lånekort 
  • Purringar / ulike typar brev og meldingar
  • Ny statistikkmodul
  • Stoda for ny webløysing
  • Ev. innkjøpsmodul 

Kurset er eit forelesingskurs med demonstrasjonar, dvs. det blir ikkje øving på pc. Det blir god anledning til å stille spørsmål til kursleiar.

Kursleiar er Jens Chr. Strandos frå Bibliotekenes IT-senter.

Det er avgrensa tal plassar, og vi kan i første omgang berre gi plass til 1 person frå kvart bibliotek. Vi vurderer å gjenta kurset over nyttår om interessa er stor. Gi gjerne beskjed i påmeldingsskjemaet om du er interessert i kurs over nyttår om det er fullt eller ikkje passar denne gongen.

Stad: Førde, Storehagen 1B, 3. etg. (Storehagen Atrium)

Pris: 300 kr. Prisen inkluderer ikkje lunsj, lunsj kan kjøpast i kantina i Storehagen Atrium.