Else Barratt-Due kjem til Førde 13. april og vil halde kurs i litteraturformidling.

På kurset vert det undervist i presentasjon, formidling og dramaturgi. Målet for kurset er at deltakarane skal læra fleire verktøy for å verta gode formidlarar. Kurset er blanding av teori og praksis.

Kvar av deltakarane skal (om dei synest det er greitt) ta med seg ein liten såkalla case, dvs. ca 5-7 minutt med eigen førebudd presentasjon, gjerna noko som gjenspeilar deiras eigen kvardag/jobbsituasjon. Dette vert brukt undervegs og knytta direkte mot dei metodane/teknikkane/verktøya det vert undervist i. Målet er at alle skal få utvikla seg til å verta betre formidlarar.

Kursleiaren har gode erfaringar med at kvar deltakar sender til ho svar på disse tre spørsmåla:
a) Kva er ditt arbeidsområde?
b) Kva for situasjonar står du ofte i?
c) Kva opplever du eventuelt som vanskeleg, slitsomt, ubehageleg e.l.?
Svara sender du til post@tellthestory.no

Meir om opplegget og kurshaldaren
Målgruppe:    Tilsette ved bibliotek
Tid og stad:    Onsdag 13. april, Førdehuset, kl. 10.00-16.00, registrering frå 09.30
Pris:    Deltakaravgift kr. 300,- innkluderer kurs, lunsj, kaffi/te