Kva er Lesarsørvis?

Lesarsøvis handlar om formidlinga som føregår på biblioteket kvar dag, og om å skape kontakt mellom bok og lesar. Gjennom formidlingssamtaler, eller ved å stille ut bøker og skrive om dei, kan biblioteket vere med på å opne samlingane for lånarane.

Metoden er basert på ein teknikk utvikla i USA under namnet Reader’s Advisory. Det er ein utbreidd metode for å drive aktiv formidling av samlinga med utgangspunkt i den enkelte lånar. Den norske versjonen er tilpassa forholda her i landet og er utarbeidd av Telemark fylkesbibliotek.  

Fortsatt usikker på om dette er kurset for deg? Her er noko av det som gjer Lesarsørvis-metoden unik:

  • Det er ein heilskapleg metodikk som gjer deg tryggare som formidlar og gir deg fleire bein å stå på i formidlinga di. Du får tips om korleis du kan formidle bøker du ikkje har hatt tid (eller lyst) til å lese. Du får også  tips til å finne dei rette orda for å skildre boka du elskar og vil anbefale til alle.
  • Og kanskje endå viktigare: kunnskap om kven ein skal anbefale boka til. Er det til Sigrid (54), eller kanskje også til Sigurd (24)?
  • Lesarsørvis er ei god kjelde til bok- og sjangerkunnskap. Du får ein gjennomgang på kurset.
  • Lesarsørvis legg opp til ein delingskultur blant bibliotekarar der ein deler ressursar og "read-alikes"-lister. På heimesida http://www.lesersorvis.no/lesersorvis finn du materiell og ressursar i formidlingsarbeidet, og du kan ta ein kikk i Lesersørvishandboka. Blir du medlem av Facebook-gruppa, eller legg til lesersorvis på bokelskere, får du delta i eit nettverk som jobbar med aktiv formidling for å nå fram med rett bok til rett lesar. 

Klar for kurs? Kom til Førde 5. og 6.juni og lær om metoden. Påmelding innan 22. mai.