Sogn og Fjordane fylkesbibliotek vil på nytt tilby innføringskurs i Lesarsørvis. Kurshaldar blir Marthe Holien Bø frå Stryn bibliotek.

Lesarsørvis er eit heilskapleg litteraturformidlingsverktøy for bibliotektilsette, utvikla av Telemark fylkesbibliotek basert på eit amerikansk forbilde. Målet er å utarbeide gode leseforslag, med utgangspunkt i lånaren sine behov og ynskje.

Tenesta rettar seg i hovudsak mot vaksne fritidslesarar, men har òg stor overføringsverdi til barn og ungdom. På kurset vil du få presentert ei rekkje teknikkar som gjer deg betre i stand til å formidle breidda i samlinga uavhengig av eigne leseinteresser.

Sjå også http://www.lesersorvis.no/

Program og påmeldingsskjema kjem seinare!