Avlyst p.g.a. for få påmelde

 

Lesarsørvis er eit heilskapleg litteraturformidlingsverktøy for bibliotektilsette, utvikla av Telemark fylkesbibliotek, basert på eit amerikansk forbilde. Målet er å utarbeide gode leseforslag, basert på lånaren sine behov og ynskje.

Tenesta rettar seg i hovudsak mot vaksne fritidslesarar, men har òg stor overføringsverdi til barn og ungdom. På kurset vil du få presentert ei rekkje teknikkar som gjer deg betre i stand til å formidle breidda i samlinga uavhengig av eigne leseinteresser.

Sjå også http://www.lesersorvis.no/

Kurshaldar er Marthe Holien Bø

Som førebuing til kurset må ein lese ei bok ein får tildelt av kurshaldar etter at påmeldingsfristen er gått ut.

Program: 

5. juni

Registrering frå 10.30
11.00 – 12.00   Introduksjon av Lesarsørvis og formidlingsmetoden
12.00 – 13.00   Lunsj
13.00 – 13.45   Lesarsørvissamtalen og digitale hjelpemiddel
13.45 – 14.00   Pause  
14.00 – 15.00   Oppgåve: lesarsørvissamtalen
15.00 – 15.10   Pause
15.10 – 16.00   Hurtigles: Korleis lese ei bok på 10 minutt?
16.00 – 16.15   Oppsummering

Middag og fellesaktivitet om ynskjeleg

6. juni 

09.00 – 10.00   Boksirkel: Gjennomgang av bøker
10.00 – 10.15   Pause
10.15 – 11.15   Korleis bruke bokmeldingar i lesarsørvisarbeidet
11.15 – 12.15   Lunsj
12.15 – 13.15   Bokomtalar: Korleis skrive kort og godt om bøker
13.15 – 13.30   Pause
13.30 – 14.00   Kom i gang med Lesarsørvis

(med atterhald om endringar)

NB! Ta med eigen laptop eller nettbrett. 
 

  • Pris: 500 kr. for begge dagar (inkl. enkel lunsj). Deltaking berre tysdag: 300 kr.
  • Overnatting: Kvar enkelt bestiller overnatting sjølv. Det er halde av rom på Sunnfjord hotel, som ein kan bestille til avtalepris 1149 kr. (oppgi kode 46413258 ved bestilling).
  • Påmeldingsskjema
  • Påmeldingsfrist: 22. mai