Lesarsørvis er eit heilskapleg litteraturformidlingsverktøy for bibliotektilsette, utvikla av Telemark fylkesbibliotek. Målet er å utarbeide gode leseforslag, basert på lånaren sine behov og ynske.

Tenesta rettar seg i hovudsak mot vaksne fritidslesarar, men har òg stor overføringsverdi til barn og ungdom. På kurset vil du få presentert ei rekkje teknikkar som gjer deg betre i stand til å formidle breidda i samlinga uavhengig av eigne leseinteresser.

Sjå også http://www.lesersorvis.no/

Kurshaldar er Marthe Holien Bø

Program: 

25. april

Registrering frå 10.30
11.00 – 12.00   Introduksjon av lesarsørvis og formidlingsmetoden
12.00 – 13.00   Lunsj
13.00 – 13.45   Lesarsørvissamtalen og digitale hjelpemiddel
13.45 – 14.00   Pause  
14.00 – 15.00   Oppgåve: lesarsørvissamtalen
15.00 –15.10    Pause
15.10 –16.00    Hurtigles: Korleis lese ei bok på 10 minutt?
16.00 –16.15    Oppsummering

Middag kl 19.00 og sosialt samvær / quiz

26. april 

09.00 – 10.00:  Boksirkel: Gjennomgang av bøker
10.00 – 10.15:  Pause med utsjekk
10.15 – 11.15:  Korleis bruke bokmeldingar i lesarsørvisarbeidet
11.15 – 12.15   Lunsj
12.15 – 13.15:   Bokomtalar: Korleis skrive kort og godt om bøker
13.15 – 13.30:   Pause
13.30 – 14.00:   Kom i gang med Lesarsørvis

(med atterhald om endringar)

NB! Ta med eigen laptop eller nettbrett. 

Prisar:

  • Full konferansepakke (overnatting, lunsj begge dagar og middag): 1700 kr.
  • Dagpakke tysdag (inkludert lunsj) : 450 kr.
  • Middag tysdag: 350 kr.
  • Dagpakke onsdag (inkludert lunsj): 450 kr.

Påmeldingsskjema

Bindande påmelding innan 11. april