Velkomen til eit praktisk retta kurs med erfarne kurshaldarar som hjelper deg å utvikle ditt eige formidlingsopplegg klar til bruk! Last ned informasjonsark om kurset. Du vil mellom anna få lære om:

  • korleis bruke fagbøker i formidlinga for dei yngste på ein lærande og engasjerande måte
  • korleis utvikle ditt eige formidlingsopplegg med utgangspunkt i bok og med naturen som ramme
  • lesing, leik og læring = leselyst
  • illustrasjonens formidlingskraft
  • formidlarens rolle i møte med eit barnepublikum

Kurset er lagt opp som ein kombinasjon av foredrag, praktisk arbeid og med noko heimearbeid/sjølvstudium. Deltakarane får personleg rettleiing og konkrete tilbakemeldingar.

Kurset er del av dagsturhytte-prosjektet og er tenkt som førebuing til ein formidlingsturné på dagsturhytter for barnehagar. Det er eit mål at kursdeltakarane skal ta i bruk formidlingsopplegget sitt på ei eller fleire dagsturhytter i 2019.

Kursdatoar: 27. februar og 10. april 2019
For kven: alle som driv med litteraturformidling for barn og unge
Stad: i Sogn og Fjordane
Pris: Ingen kursavgift  
Tal plassar: Maks 20
Påmelding innan 1. desember 2018 til siv.hatlem@sfj.no
Ved stor pågang kan fylkesbiblioteket fordele plassar ut frå variasjon i deltakargruppa, geografisk spreiing og at flest mogleg kommunar er representerte.

Last ned informasjonsark om kurset

Meir om kursinnhald

Kurset består av to kursdagar og med noko heimearbeid/sjølvstudium. Første kursdag vert onsdag 27. februar og skal gi deltakarane inspirasjon, idear og verktøy for å kome i gang med å utvikle sitt eige formidlingsopplegg retta mot barnehagebarn.
På den andre kursdagen 10. april vert det fokus på å bli trygg i formidlarrolla. Det vert arbeid med deltakarane sine planlagde formidlingsopplegg.

I løpet av dei 6 vekene mellom kursdagane skal deltakarane ha tenkt gjennom kva bok/bøker dei ønskjer å byggje formidlinga si på og ha laga ei skisse til eit formidlingsopplegg som kan passe til 4-, 5- og 6-åringar.

Om  kurshaldarane

Forfattar Erna Osland og illustratør Inger Lise Belsvik vil halde første del av kurset. Osland vil innleie med eit føredrag om korleis bruke sakprosabøker i formidling til barn. Osland sine bøker er fine utgangspunkt for å skape formidlingsøkter der utforsking av naturen er del. Belsvik har over 25 års erfaring som illustratør, og veit å finne balansen mellom tolking og meddikting. Ho har like lang fartstid som formidlar av litteratur og illustrasjonar, og på kurset vil ho saman med deltakarane utforske korleis barna kan aktiviserast og kva moglegheiter ein formidlar har til å bruke naturen rundt seg som del av formidlinga.

Skodespelar, forfattar og litteraturformidlar Adele Lærum Duus har ansvar for den andre kursdagen. Ho vil mellom anna snakke om prosessen frå idé til formidlingsopplegg, om formidlarens rolle og om barn som målgruppe. Det vert også gjennomgang av og tilbakemelding på opplegga deltakarane har laga, så langt dei er komne. Adele har vore mange år på vegen med sine framsyningar og formidlingsopplegg og brukar eigne erfaringar i kurset. Undervegs vil deltakarane få praktiske oppgåver knytte til formidlingsopplegga dei er i ferd med å lage og lære nyttige formidlingsgrep.

Frå utvikling av formidlingsopplegg til utprøving!

Kurset skal resultere i formidlingsøkter på dagsturhytter i Sogn og Fjordane for barnehagebarn i 2019.

Etter kursinga vert barnehagar der det ligg til rette for det, inviterte til ein aktivitetsdag ute i naturen med dagsturhytta som turmål. På turdagen går det barnehagetog til dagsturhyttene og bibliotekarar/ formidlarar er med på turen for å halde formidlingsstund på turmålet. Aktiviteten føreset at barnehagar takkar ja til tilbodet.

Deltakarane sine formidlingsopplegg kan sjølvsagt nyttast i bibliotek, barnehagar og i andre samanhengar, og kurset vil difor kunne gi stort utbyte for alle som ønskjer å utvikle seg som formidlarar.

Kurset og barnehageturnéen er del av prosjektet Dagsturhytter med nynorske turbibliotek og er støtta med midlar frå Nasjonalbiblioteket. Målet er å skape aktivitet på dagsturhyttene for å stimulere til fysisk aktivitet, lesing og auka bibliotekbruk.