Målgruppe: tilsette ved folke- og skulebibliotek. 

Kurs og måltid er gratis.

OBS! For mange vil det også vere aktuelt å delta på kurset om biblioteket som læringsarena som går fredagen. Dei som deltek på begge kursa og har lang reiseveg kan få tilbod om gratis overnatting frå torsdag til fredag. Sjå påmeldingsskjema for nærare informasjon.

Ved spørsmål om kurset ta kontakt med Robert Haugen, robert.haugen@sfj.no tlf. 57 63 79 59.

Om kurset

Saman med Foreningen !les og Nasjonalbiblioteket inviterer Sogn og Fjordane fylkesbibliotek til kurs i bokformidling. Kurset er gratis og for alle tilsette ved folke- og skulebiblioteka i fylket.
Det vert vekt på praktisk formidling i kurset, men det vert også noko teori. Deltakarane treng ikkje å ha erfaring med formidling frå før, det vil også vere mykje å lære for den erfarne formidlar.

Kurset har i utgangspunktet fokus på litteraturformidling utanfor biblioteket, blant anna vil Foreningen !les informere om satsinga si «Hat trick», eit lesestimuleringstiltak retta mot lesing blant ungdom som spelar fotball. Kurset er også ein introduksjon til Den kulturelle nistepakka, satsinga til Nasjonalbiblioteket som går ut på formidling ved arbeidsplassar. Kurset vil likevel vere relevant for all form for litteraturformidling.

 

Program

Kl 10.00 Velkomen

Kl 10.10 Erfaringar: Hat trick-film
Litteraturformidlarane Stig Elvis Furset (Buskerud fylkesbibliotek) og Mari Nordø Pettersen (Drammensbiblioteket) planlegg og møter tidlegare fotballspelar-og trenar Stig Inge Bjørnebye og spelarar frå Heming IL

 Kl 10.15 Erfaringar: Hat trick
Ole Ivar B. Storø frå Foreningen !les snakkar om tankar og erfaringar rundt fotball og lesing 

Kl 10.30 Jorunn Systad frå Høyanger bibliotek deler røynsler frå formidling utanfor folkebiblioteket

Kl 10.50 Pause

Kl 11.00 Verkstad: Formidling v/ Marit Hallen, forteljar og bibliotekar ved Deichmanske bibliotek, filial Torshov,   Oslo. Les meir om Marit Hallen. Under verkstaden kan deltakarane prøve seg ”på golvet” for å formidle ei valfri bok.

Kl 12.00 Lunsj

Kl 12.45 Verkstaden held fram

Kl 15.00 Pause med lett servering

Kl 15.10 Praksis: Informasjon om Hat trick og Den kulturelle nistepakka v/Foreningen !les
- Kva er ein god leseagent?
- Korleis kome i kontakt med fotballklubbar og arbeidsplassar?

Kl 15.30  Praksis: Gruppearbeid
Deltakarane set seg i grupper for å jobbe med ein framdriftsplan for formidling på arbeidsplassar/fotballklubb

Kl. 15.55 Evaluering av kurset

Kl. 16.00 Slutt

P.S: Kursdeltakarane må ta med ei bok dei ynskjer å jobbe med på kursdagen. Dette kan vere ei ungdomsbok eller ei vaksenbok, fag eller skjønn, norsk eller omsett.

 Fem idéar som kan brukast til å førebu seg:

  1. Korleis fortelje eit handlingsforløp kort og presist?
  2. Finn bilete, sjå dei føre seg inni seg. Frys ei scene, lag eit bilete og fortel det.
  3. Presenter hovudpersonar/biroller
  4. Knytt boka som skal formidlast opp til livet: Enten personlege erfaringar/hendingar eller aktuelle tema
  5. Korleis forhalde seg fysisk til dei som lyttar: Korleis skal eg stå, bevege meg, kva forstyrrar osv.