I år samarbeider vi (fylkesbiblioteket og Nynorsksenteret) med nabofylka Rogaland og Hordaland som ønskjer å etablere ei nynorsk lesegledar-ordning liknande vår. Difor slår vi oss saman om kursinga av dei nye lesegledarane. Det vert lagt opp til 2x2 kursdagar i Bergen, det første kurset er 16. og 17. februar, det andre kurset er 6. og 7. april.

Det vert lagt opp til både ein teoretisk og ein praktisk del per dag. På den andre kurssamlinga tek vi føre oss litterær kvalitet, unge lesarar og litterær smak, presentasjonar av bøker, leseaksjonar, bruk av bilete i bøker, frå perm til skjerm mm. Nærare program kjem. Deltakarane får førebuingsoppgåve/heimelekse i forkant av samlingane. 

Sjå programmet

 

Nye lesegledarar får dekka kurset mot at dei teiknar seg som lesegledar og forpliktar seg til å ta oppdrag etter at kursinga er gjennomført. Etter kursinga vil det også kome tilbod om vidare oppfølging av nye lesegledarar. 

Vil du vite meir om lesegledar-ordninga, eller har lyst til å bli lesegledar? Les om ordninga her, eller ta kontakt med Siv Hatlem på fylkesbiblioteket, siv.hatlem@sfj.no | telefon 57 63 79 52.