Fylkesbiblioteket og foreininga Leser søker bok tilbyr kurs for leseombod i Sogn og Fjordane 9. mai.

Innhaldet i kurset er formidling, førebuing og planlegging, foteljingsteknikk, tips og rettleiing. Mads Buer er kurshaldar, han er skodespelar og har jobba som sjukehusklovn og i NRK, og driv opplæring av leseombod i heile Noreg.

Målgruppa er nye eller fungerande leseombod. Vi håpar biblioteka finn deltakarar som vil vere med på kurs. Vi inviterer også med bibliotektilsette på kurset, det er ein fordel at biblioteka kjenner opplæringa som leseomboda får.

Dei som er interesserte i å delta kontaktar biblioteket sitt. 

Kurset tar til kl. 15, oppmøte og registrering frå kl 14:30 med enkel servering. 

Det vert også lagt opp til nytt leseombodkurs til hausten eller til våren att.

Arrangør: Leser søker bok og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

Kva er eit leseombod?

Eit leseombod er ein person som les høgt for andre som ikkje kan lese sjølv. Vi treng leseombod som kan lese høgt for eldre, svaksynte, menneske med utviklingshemming eller demens, eller for andre som treng å høyre ei godhjarta røyst i kvardagen. Dei fleste leseombod les på institusjonar som bu- og rehabiliteringsheimar, eldresenter eller bibliotek. Det er ingen formelle krav for å bli leseombod, alle som kan lese høgt kan bli leseombod.