Å lese sjølv
Forteljingar og fagprosa for barnetrinn og mellomtrinn 

Vi ser fram til ein spennande og innhaldsrik ettermiddag med Rune Belsvik, Svein Slettan og Ragnfrid Trohaug som alle vil gje oss nyttig påfyll! Denne gongen med fokus på litteratur for barne- og mellomtrinnet.

Sjå fullstendig program

 

Til samlinga ynskjer vi at deltakarane førebur ein presentasjon av ei nyare, nynorsk barnebok.

Presentasjonen kan vare i inntil sju minutt, disponert slik:

Introduser gruppa di for ein tenkt formidlingssituasjon: I ein klasse, i ei gruppe, eller direkte til ein lesar? På skulen eller i biblioteket? På eit foreldremøte?

Vis fram boka.

Gi eit kort samandrag

Les eit utdrag høgt.

Forklar tilhøyrarane kvifor du tilrår denne boka til dei.

Gi kvarandre respons i gruppa.

 

Reisekostnader til kursstad vert dekkja, og det er inga kursavgift.

Sjå nærare skildring om kva det vil seie å vere lesegledar i brosjyren nedanfor.