Fylkesbiblioteket ved Siv Hatlem har stått for kurset, som er ein variant av det norske opplæringsprogrammet 23 ting. Kurset vart lagt opp som eit sjølvstudium med heimeoppgåver, i tillegg til tre samlingar der alle deltakarane fekk møtes for diskusjon og oppsummering av arbeidet.

Målsettinga med kurset har vore å utforske og lære meir om eit utval av web 2.0 teknologiar, verte i stand til å bruke desse og vurdere kva tenester som kan passe for eige bibliotek, prøve ein ny måte å lære på, og å sjølvsagt ha det moro. Alle kursdeltakarane har oppretta eigen blogg som del av kurset, der dei har reflektert over eiga læring undervegs. Fleire har også oppretta Facebook-side for biblioteket i løpet av kurset, og endå fleire skal kome til.

Førebels resultat basert på evalueringsskjema i etterkant av kurset, syner at alle har sett pris på kurset, og at alle har lært noko nytt. Heile 87% har endra syn på web 2.0 etter at kurset er gjennomført. Thomas Brevik sette startskotet for kurset med eit inspirasjonsføredrag, og kursopplegget med leksjonar og oppgåver ligg på eigen blogg som er tilgjengeleg for alle på: http://fybblogg.blogspot.com. Emna er godt forklarte, og oppgåvene skal vere mogleg å løyse på eiga hand.  

Ei klar oppfordring for dei som ikkje fekk delta på kurset, men som ønskjer å oppdatere seg på sosiale medium: Gå i gang på eiga hand! Om du kjenner nokon som var med på kurset, så er det dessutan veldig flott å spørje dei om hjelp! Det er berre fint om dei får friske opp og ta i bruk kunnskapen sin.