OBS! Ny dato! (tidlegare 14. oktober). Påmelding til jorunn.bakke.nydal@sfj.no 913 44 734 eller eli.eidsvik@flora.kommune.no

Vil du vere med å gje andre menneske ein betre kvardag? Då kan du bli leseombod! Kort fortalt er eit leseombod ein person som les høgt for andre som ikkje kan lese sjølv. Det er ingen formelle krav for å bli leseombud, alle som kan lese høgt kan bli leseombod. 

Kulturavdelinga i fylkeskommunen og fylkesbiblioteket arbeider no for at både bebuarar på institusjonar og heimebuande eldre kan få besøk av leseombod. I den samanheng vert det arrangert kurs for alle som kan tenkje seg å bli leseombod. Vi treng frivillige som vil bruke ein times tid på fritida for å besøke nokon som ynskjer å bli lesne for. Først ut er Florø, vidare er det planar om tilsvarande kurs i Nordfjord, Sogn og Sunnfjord i 2016. Meir informasjon om dette kjem seinare.

Program:
Oppmøte og registrering frå kl. 14:30 med enkel servering. Kurset startar kl. 15 og varer fram til 18.
Kurset omhandlar formidling, førebuing og planlegging, fortellingsteknikk, tips og rettleiing.

Kurshaldar er Mads Buer som jobbar i foreininga Leser søker bok og held kurs for leseombod rundt om i Noreg. Han er skodespelar og har jobba som sjukehusklovn og i NRK.


Alle kan bli leseombod
Vi treng leseombod som kan lese høgt for eldre, svaksynte, menneske med utviklignshemming eller demens, eller for andre som treng å høyre ei godhjarta røyst i kvardagen.

– Eit leseombod er ein historieforteljar og gledesspreiar. Det er eit lyspunkt i kvardagen og eit kontaktpunkt til verda ikring for dei som ikkje klarer å lese sjølve. Vi treng leseombod her i fylket, og vi håpar difor så mange som mogleg blir med på kurset i oktober, seier musikkterapeut Jorunn Bakke Nydal i fylkeskommunen.

Arrangør: Sogn og Fjordane fylkeskommune v/fylkesbiblioteket og Kultur og helse, og Flora kommune

leseombod foto av leser soker bok
Illustrasjon. Foto: Leser søker bok