Målgruppe: Tilsette ved folke- og skulebibliotek
Kurset vert støtta av Nasjonalbiblioteket og kursavgift og måltid er gratis.
OBS! Dei med lang reiseveg kan få tilbod om gratis overnatting frå tordag til fredag. For mange vil det også vere aktuelt å delta på kurset om å formidle bøker som går torsdagen. Sjå påmeldingsskjema for nærare informasjon.
Ved spørsmål om kurset ta kontakt med Bente Lund, bente.lund@sfj.no tlf. 57 63 79 51.
Om kurset
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek inviterer til kurs om bibliotek som læringsarena med fokus på digital kompetanse.
Bibliotek har lang tradisjon for å drive folkeopplysning og å vere ein plass for læring. Ofte i form av uformell læring som bokkafé og forfattarmøter, men også som arena for formell læring. Datakurs er eit slikt eksempel og vi får besøk av Larvik bibliotek som vil fortelje om sitt arbeid med digital læring.
I følgje rapport frå VOX (Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk) har 24 % av Noregs befolkning liten eller ingen digital kompetanse. Eddie Pedersen frå VOX vil fortelle meir om dette og snakke om kva ansvar biblioteka har for å auke den digitale kompetansen. Han vil òg kome med gode pedagogiske tips for å drive kurs for vaksne.
Program
09.00-09.15: Velkommen
09.15-10.00: Lesekompetanse i eit moderne samfunn
10.00-10:15: Pause
10.15-11.15: Digital kompetanse – kva er det?
11.15-11.45: Biblioteket si rolle i eit digitalt samfunn
11.45-12:00: Britt Tjønneland frå VOFO Sogn og Fjordane fortel om satsinga på vaksenopplæring i fylket
12:00-12.45: Lunsj
12.45 – 13.45: Anne Verde og Rigmor Haug frå Larvik bibliotek fortel om prosjektet Den digitale borger / Ny På Nett
13.45-14.00: Pause
14.00-14.45: Framhald
14.45-15.00: Oppsummering og diskusjon: Kan «Larvik-modellen» brukast i Sogn og Fjordane?
Kurset sluttar ca. kl. 15.00