Kulturstrategien er det overordna styringsdokumentet for kulturarbeidet i fylkeskommunen. Han er styrande for dei prioriteringane fylkeskommunen gjer både administrativt og politisk. Strategien bygger på målsettingane i den regionale planstrategien for perioden 2013–2016, samstundes som han skal vise eigenverdien til kulturen.

Strategien skal stimulere til utvikling av kulturfeltet i heile fylket, legge rammene for samarbeid med ulike partnarar og gi føreseielege vilkår for kommunane og regionale samanslutningar på kulturfeltet.

Fylkeskommunen ønskjer innspel på visjon, mål, satsingsområder og strategiar.

Neste steg i prosessen er å utarbeide handlingsprogram for kvart satsingsområde. Det vil vise konkrete tiltak og prioriteringar, ansvar og økonomi. Handlingsprogrammet vert utarbeidd hausten 2014.

Les høyringsutkastet for Kulturstrategi for Sogn og Fjordane fylkeskommune 2014–2017

Høyringsfristen er 25. mai 2014.

Innspel kan sendast til postmottak.kultur@sfj.no eller med post til Sogn og Fjordane fylkeskommune, postboks 172, 6801 Førde.