Kulturnett Sogn og Fjordane vart relansert 21. juni 2011, og Fylkesbiblioteket, Fylkesarkivet og Musea i Sogn og Fjordane har vore involvert i utviklinga av det nye Kulturnettet.

Det nye Kulturnettet inneheld mellom anna kulturblogg, kulturkalender og kultursøk.

Kulturnett Sogn og Fjordane skal vere ein vegvisar til kulturtilbod og kulturtenester frå kulturinstitusjonar i Sogn og Fjordane. I kulturbloggen kjem leiarar i kulturinstitusjonar i fylket til orde og inviterer til diskusjon om ulike tema knytt til kulturfeltet. Med kulturbloggen får fylket eit forum for dialog og debatt som kan styrke kulturarbeidet i fylket.

I tillegg til å synleggjere og formidle kulturarven og kulturlivet i Sogn og Fjordane er eit av hovudmåla med kulturnettet å knyte saman informasjon frå ulike kjelder til ein heilskap for deg som brukar. Over 50 små og store institusjonar frå heile landet leverer innhald til det nye kultursøket. Kultursøket gir deg samtidig oversikt over treff i andre sentrale oppslagsverk som Wikipedia, Lokalhistoriewiki og NRK sitt Fylkesleksikon. Tenesta er utvikla i samarbeid med Norsk Kulturråd og firmaet Delving B.V. i Nederland.

Kulturnett Sogn og Fjordane.