Kulturbloggen
Kulturlivet i fylket treng eit forum for dialog og debatt. Med kulturbloggen ønskjer vi å få i gong diskusjonar som kan styrke kulturarbeidet i fylket. Gjennom kulturbloggen inviterer leiarar i viktige kulturinstitusjonar i fylket til diskusjon om ulike tema knytt til kulturfeltet. Ingebjørg Erikstad, fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune, er først ut i den nye Kulturbloggen. Etter ho vil leiarar innan kulturlivet elles komme med bloggpostar om lag to gongar i månaden.

Kultursøket
Eit av hovudmåla for kulturnettet er å synleggjere og formidle kulturarven og kulturlivet i Sogn og Fjordane og knyte saman informasjon frå ulike kjelder til ein heilskap. Det nye kultursøket er eit viktig steg på vegen for å nå dette målet. Over 50 små og store institusjonar frå heile landet leverer innhald til det nye Kultursøket. Tenesta er utvikla i samarbeid med Norsk Kulturråd og firmaet Delving B.V. i Nederland. Sogn og Fjordane er det første fylket som tek i bruk den nye tenesta. Kultursøket gir deg samtidig oversikt over treff i andre sentrale oppslagsverk som Wikipedia, Lokalhistoriewiki og NRK sitt Fylkesleksikon.

Nasjonal pilot
Kultursøket er eit viktig ledd for at kultursektoren skal følgje den digitale utviklinga i samfunnet elles. Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvaret for sida og utviklar den i samarbeid med Fylkesarkivet, Fylkesbiblioteket og Musea i Sogn og Fjordane. Fleirtalet av fylka i Noreg har Kulturnett og liknande ting skjer no i andre fylke. Vi er med god støtte frå Kulturrådet, først ut, og no føl fleire fylker etter.

Gå til Kulturnett Sogn og Fjordane.