Sogn og Fjordane fylkeskommune samlar kulturarbeidarar i heile Sogn og Fjordane til felles kulturkonferanse med fagleg påfyll, der det å møte andre kulturarbeidarar også er viktig.

Tema for dagane er gode kulturtilbod og gode møteplassar, og bibliotek er eitt av tilboda som vert løfta fram ila. fagdagane.

Fredagen vert det parallellsesjonar der den eine dekkjer bibliotek som viktig kulturarena for inkludering.

Biblioteksjef Else Marie Sandal frå Odda bibliotek presenterer tilbodet Lån ein odding, og Anne Berit Helland, spesialbibliotekar for fleirspråklege tenester ved Bergen offentlige bibliotek, snakkar om biblioteket som integreringsarena, med døme frå eigen praksis.

Laurdagen kjem Amal Aden til kulturkaféen på Førdehuset for å snakke om biblioteket som viktig møteplass.

For meir informasjon og påmelding, sjå sfj.no.

Foto
Biblioteksjef Else Marie Sandal
Foto
Anne Berit Helland ved Bergen Offentlige Bibliotek