Det heile går ut på å gjere bøker frå Kulturfondet meir fristande for lånarar. Som kjent vert mange av dei norske utgivingane ståande uoppdaga på hylla. Mange av forfattarne forten eit større publikum og dette ønskjer Trondheim folkebibliotek å gjere noko med.

Med utgangspunkt i råvarene frå Norsk kulturråd og Kulturfondet, tilbereder Trondheim folkebibliotek Kultur-fondue med vurderingar av alle dei vaksne KF-bøkene. Forhåpentlegvis vil vurderingane kunne bidra til å føre litteraturen og lesarane nærmare kvarandre.

Desse vurderingane kan vere nyttige også for bibliotekarar som slett ikkje alltid har tida til å lese seg opp på alle bøkene. Her kan du lese meir om prosjektet og følgje med på Trondheim folkebibliotek sine omtaler.