Skulebibliotek i grunnskulen (1. til 10. trinn) som har bibliotek i skulens lokale og som har eit budsjett for skulebiblioteket som sikrar ein personalressurs, kan søke om å få motta bøker til barn og unge i ein treårsperiode (2020-2022).​

Aktuelt i din kommune? Les meir og få tilgang til søknadsskjema på Kulturrådet sine nettsider. Frist for å søke er 3. desember kl 13.

Skulebiblioteka som inkluderast i ordninga forpliktar seg til å formidle alle bøkene som inngår i prøveordninga i dei tre åra ordningen varer, samt overhalde oppbevaringsplikta som gjeld for innkjøpsordningane. Det vert kvart år kjøpt inn ca. 120 nye norske titlar retta mot barn og unge i grunnskulealder over dei tre aktuelle innkjøpsordningane.

Minner også om at Utdanningsdirektoratet si ordning med tilskot til skulebibliotek for kompetanseutvikling og personalressursar er utvida fram til 2023 (Nasjonal bibliotekstrategi, s. 10). Tips gjerne skulane om at dei gjerne kan ta kontakt med Anja Aga Ramstad for å få råd og hjelp i denne samanhengen, og for å få tilsendt malen til skulebibliotekplanen og samarbeidsavtalen mellom skule og bibliotek som vi har utvikla til fri bruk for alle.