Frå litterær kanon til mummitroll
"Den Nordisk barne- og ungdomslitteraturkonferansen i Stavanger har vore arrangert anna kvart år sidan 1993. I år var ”Mangfold 2008” eit overordna tema for konferansen den 3.-5. februar.

Der fekk vi møta forfattarar, illustratørar, litteraturvitarar, litteraturformidlarar og ungdomlege ”superlesarar”. Føredrag av Torben Weinreich om ”Den litterære kanon i Danmark” og av Agneta Rehal-Johansson om "Nya dubbelheter i Tove Janssons slutliga muminsvit" var to av fleire høgdepunkt.

Kor mange veit at Tove Jansson omarbeidde bøkene sine om mummitrolla som kom på 40-50-talet til nye utgåver på 60-70-talet? Rehal-Johansson synte mellom anna at forteljingane i dei omarbeidde utgåvene er meir psykologiske enn i dei tidlegare utgåvene.

Ny kunnskap og kontakt med kollegaer inspirerer, og inspirasjonen som drivkraft i det daglege arbeidet bør ein ikkje underkjenna. Oppmodinga går difor denne gongen spesielt til bibliotektilsette i mindre bibliotek: Reis på kurs, lær noko nytt, få nye idear og prøv dei ut når du kjem heim."

-Aurland folkebibliotek