Vi håpar så mange som muleg tek seg tida til å svare på spørjeundersøkinga for at vi skal få eit så godt grunnlag som muleg til utarbeiding av ein kompetansestrategi for biblioteka i Sogn og Fjordane.

Undersøkinga består av om lag 30 spørsmål, og for dei fleste vil det ikkje ta meir enn ca. 15 minutt å svare. Alle svar er anonyme.

Skulle det vere nokon som ikkje har mottatt invitasjon til å delta, ta kontakt snarast med Siv Hatlem, så ordnar vi det slik at også du får tilgang til undersøkinga.

Svarfrist er fredag 18.11.2011 kl. 08.00.