Arrangement

Lov om folkebibliotek presiserer at biblioteket skal drive aktiv formidling og vere ein uavhengig møteplass og arena for samtale og debatt. Denne presiseringa kom inn då biblioteklova vart revidert i 2014, og har bidrege til at det blir stadig fleire arrangement i biblioteka. Det er mange ulike typar arrangement, som dekker heile spennet av "opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet" som folkebiblioteka har som oppgåve å fremje. Eksempel er ulike typar litteraturformidling, barneframsyningar, forfattar- og føredragskveldar, debattar, leksehjelp, slektsforskingskurs, datakurs, språkkurs, klassebesøk, lesesirklar og liknande.

Grafen under viser utviklinga frå og med 2016, då Nasjonalbiblioteket byrja å hente inn meir detaljerte tal. Vi ser at det i 2018 var ein spesielt stor auke i arrangement retta mot barn.

Arrangement i biblioteka 2016-2018

I 2018 var det totalt 1093 arrangement i eller i regi av biblioteket, av desse var 605 for barn. Dette er arrangement for skular/barnehagar, ulike typar kultur- og samtale-/debattarrangement, kurs og verkstader mm. Det var til saman 18 073 frammøtte. I tala for arrangement er det rekna inn ein del (ca. 10 %) der andre hadde ansvar for det faglege innhaldet, medan arrangmentet blei halde i biblioteket.

Dei einskilde biblioteka har hatt frå ingen til nær hundre arrangement.

Alle tal for arrangement (pdf)

Besøk

Tala for besøk er noko usikre. Det er få bibliotek som har besøksteljar, og då er tala som blir rapporterte anten stikkprøver, manuell teljing eller eit overslag.

Totalt blei det rapportert 556 474 besøk, eller 5,15 besøk pr. innbyggjar. (Dette er tal utanom Lærdal, som ikkje har besøkstal for 2018.) I 2017 var gjennomsnittet 4,85 besøk pr. innbyggjar.

Vi har førebels ikkje tal på landsbasis å samanlikne med, men Sogn og Fjordane har dei siste åra lege over landssnittet.

Alle tal arrangement og besøk (pdf)

Utlån - fysisk materiale

Folkebiblioteka i fylket tilbyr lån av både fysisk og digitalt materiale. Utlånet av fysisk materiale har i mange år gått nedover, både i Sogn og Fjordane og i resten av landet, men tal for 2018 viser ein liten oppgang i fylket (tal for Noreg samla er ikkje klare).

I gjennomsnitt lånte kvar innbyggjar i fylket 4,01 fysiske einingar i 2018, mot 3,94 året før. Sogn og Fjordane følgjer stort sett lånetrendane for landet samla, men ligg jamt litt under. (Den ekstra store nedgangen i fylket i 2008/09 skuldast mykje at fleire bibliotek var stengde pga. flytting/ombygging i delar av perioden.)

Utlån 1999-2018

Utlånet varierer mellom biblioteka, størst utlån har ofte bibliotek som også er skulebibliotek (kombinasjonsbibliotek), der alt utlån blir rekna med i folkebibliotekutlånet. Luster er kommunen som har totalt høgast utlån via folkebibliotek/kombinasjonsbibliotek, med Gloppen og Hyllestad på dei neste plassane. Nedst finn vi Leikanger og Hornindal.

Utlån 2018

Når det gjeld bokutlån, varierer forholdet mellom bøker til barn/vaksne og faglitteratur/skjønnlitteratur mellom kommunane.

Deler vi lånte barnebøker på tal barn (t.o.m. 14 år) og vaksenbøker på vaksne, ser vi at skjønnlitteratur til barn er det det blir lånt ut mest av. I snitt blir det lånt ut nesten 10 skjønnlitterære barnebøker pr. barn i fylket, med Luster på topp med over 28 bøker pr. barn. Hyllestad og Høyanger er dei som låner ut mest vaksen skjønnlitteratur pr. vaksen, medan Førde og Sogndal låner ut flest fagbøker pr. vaksen.

Bokutlån pr. innbyggjar 2018

Det blir lånt ut mykje meir barnebøker pr. barn enn vaksenbøker pr. vaksen. Også når vi ser på totalt utlån, har utlånet av barnebøker gått forbi utlån av vaksenbøker. Auken i utlån av barnelitteratur kan vi sjå i samanheng med at biblioteka har satsa stadig meir på lesestimuleringstiltak frå ca. 2010. 

Utlån til barn og vaksne 2001-2018

Alle utlånstal, fysiske medium (pdf)

Utlån - digital bruk

Biblioteka i fylket tilbyr fleire digitale tenester til lånarane sine:

E-bokutlånet varier gjennom året, gjerne med toppar i ferietida. Utvikling av utlån sidan starten i april 2014:

E-bokutlån 2014-2018

Pressreader gir tilgang til digitale aviser og tidsskrift frå heile verda. Vi har ikkje gode statistikktal på dette, men for 2018 vart det registrert at 40 606 artiklar og 18 759 utgåver varte lese. I 2017 var det registrert 23 756 lesne artiklar. Filmbib og Nasjonalbibliotekets avisteneste har vi ikkje brukstal på.

Bruk av digitale tenester, IKT (pdf)

Bibliotekavdelingar og opningstimar

Ressurssituasjonen til folkebiblioteka betyr mykje for kva tilbod dei kan gi innbyggjarane i kommunen og i kva grad dei kan oppfylle krava i biblioteklova.

I Sogn og Fjordane var det ved årsskiftet 26 hovudbibliotek og 26 filialar. (Vi reknar biblioteket i Hornindal som eit hovudbibliotek, sjølv om det blir drifta som ein filial av Volda.) 17 kommunar har berre éi avdeling, hovudbiblioteket, medan 9 kommunar i tillegg har til saman 26 filialar. Ei vanleg veke har hovudbiblioteka ope til saman 574,75 timar (589 i 2017), varierande mellom 3 og 48 timar. Halvparten har laurdagsope.

Alle tal om tilsette og avdelingar (pdf)

Personale

16 av kommunane har biblioteksjef med bibliotekfagleg utdanning (bachelorgrad eller høgare). Sju kommunar har fleire bibliotekutdanna tilsett. Totalt er 24 personar med bibliotekfagleg utdanning tilsette i biblioteka i fylket, i 19,3 årsverk. 23 personar (12,3 årsverk) har anna høgre utdanning, medan 37 personar deler på 14,38 årsverk innan kategorien "anna kontor-/fagpersonale".

Biblioteka har mellom 0,5 og 5,33 årsverksressurs, til saman er det 85 personar som jobbar på biblioteka i ulike stillingskategoriar fordelt på 46,03 årsverk. I 2018 hadde 10 bibliotek mindre enn 1 årsverk, ytterlegare 6 har mellom 1 og 2 årsverk. 10 har 2 eller fleire årsverk.

(Hornindal bibliotek er ikkje rekna med i tal personar/årsverk, dei blir drifta av Volda og tilsette der.)

Alle tal om tilsette og avdelingar (pdf)

Mediebestand

Biblioteka tilbyr ulike typar medium - både fysiske og digitale. Blant fysiske medium er trykte bøker dominerande, sjølv om andelen andre typar som lydbøker, film, dataspel mm har auka mykje dei siste åra. Det kan likevel sjå ut som om denne andelen er på veg nedatt etter ein topp i 2016.
 
medium i biblioteket 2018
 
For å ha aktuelle og levande samlingar i biblioteka har det blitt jobba ein del med å kassere slite og uaktuelt materiale, og dermed redusere det totale talet på medium/einingar i biblioteka. Talet er redusert frå 1 000 571 einingar i 2001, til 876 490 i 2018.
 
Ein stor del av dei digitale samlingane er felles for biblioteka i fylket, gjennom samarbeidsordningar (Pressreader, eBokBib) eller nasjonale ordningar (Filmbib og Nasjonalbibliotekets avisteneste). I 2018 blei det innført ny modell for tilgang til e-bøker, og biblioteka kunne tilby fleire titlar i eBokBib; 10 202 i 2018 mot 2 974 i 2017. I tillegg kom 267 e-lydbøker.
 
Biblioteka kunne òg tilby tilgang til 7 628 digitale aviser/tidsskrift i Pressreader. Vi har ikkje tal på tal aviser gjennom NBs avisteneste, eller tilgjengelege filmar i Filmbib.
 

Økonomi

Biblioteka rapporterer inn rekneskapstal for medieinnkjøp. Det er store ulikskapar i kor mykje kvar kommune brukar på innkjøp til samlingane.

Medieutgifter 2018

I 2018 brukte Solund mest pr. innbyggjar til medieinnkjøp, med 114,37 kroner, følgd av Høyanger og Hyllestad. På botn ligg Selje med 12,93. Snittet for fylket er 42,45 kroner pr. innbyggjar.

Mange faktorar spelar inn for kva ein brukar på medieinnkjøp: storleik og kvalitet på samlingane frå før, kor mange filialar ein skal kjøpe inn til, om det er kombinasjonsbibliotek og storleik på kommunen. Tala kan likevel seie noko om satsinga på bibliotek.

Frå år 2000 har kronesummen brukt på medieinnkjøp vore nokolunde den same frå år til år, mellom 38 og 43 kroner pr. innbyggjar. Omrekna til 2018-kroner ser vi at det har vore ein nedgang på over 29 % i kva biblioteka har til medieinnkjøp, frå 60,01 i 2000 til 42,45 i 2018.

Medieutgifter 2000-2018

 

Tabellar med alle statistikktal