Folkebiblioteka rapporterer kvart år inn statistikk til Nasjonalbiblioteket. Statistikktala er frå fleire område av drifta, og kan gi eit bilete av stoda i biblioteka i Sogn og Fjordane. Ein må likevel vere varsam i bruk av tala, då det kan vere feilkjelder og ulike tilhøve i det enkelte bibliotek som kan gi eit skeivt inntrykk av heilskapen.

Vi har lagt ut tabellar med alle rapporterte statistikktal. Alle tal skal vere pr. 31.12.2015. Ved utrekningar som gjeld pr. innbyggjar har vi, som Nasjonalbiblioteket, brukt innbyggjartal pr. 01.01.2015 (henta frå SSB).

 

Bruk av biblioteket

Biblioteket blir brukt på ulike måtar, m.a. for lån av bøker og anna materiale, som studieplass, til arrangement for store og små, og som ein stad å møte andre. Bibliotekstatistikken prøver å fange opp ein del av dei ulike bruksområda.

Utlån

Folkebiblioteka i fylket tilbyr lån av både fysisk og elektronisk materiale. Utlånet av fysiske media har gått nedover dei siste åra, både i fylket og på landsplan. I gjennomsnitt lånte kva innbyggjar i fylket 4,27 einingar i 2015, mot 4,4 på landsbasis. Sogn og Fjordane følgjer stort sett lånetrendane på landsbasis, men ligg jamt litt under. (Den ekstra store nedgangen i fylket i 2008/09 skuldast mykje at fleire bibliotek var stengde pga. flytting/ombygging i delar av perioden.)

 

Utlånet av e-bøker har kome godt i gang etter oppstarten i april 2014. Reknar ein med e-bokutlånet har det totale utlånet gått opp frå 4,39 til 4,41 utlån pr. innbyggjar.

E-bokutlånet varierer gjennom året, med ein topp i fellesferien, og litt høgare i haust-/vintermånadene enn på våren. Totalt var utlånet gjennom folkebiblioteka/fylkesbiblioteket på totalt 15 970 bøker (inkl. fornyingar). I tillegg kjem noko utlån til lånarar på vidaregåande skular.

Utlånet elles varierer mellom biblioteka, høgast utlån har ofte biblioteka som også er skulebibliotek (kombinasjonsbibliotek). I 2015 ligg Luster, Gloppen og Høyanger igjen på topp, medan Hornindal, Leikanger og Vågsøy ligg nedst.

 

Det har skjedd eit skifte i fordelinga av utlån av barne- og vaksenbøker, tidlegare var det flest utlån av vaksenlitteratur, no er barnelitteraturen meir populær. Auken i utlåna av barnelitteratur kan ha samanheng med at frå ca. 2010 og utover satsa stadig fleire bibliotek på lesestimuleringsaksjonar som SommarLes, UngLes mm.

Totalt har alle typar media utanom barnebøker (vaksenbøker, lydbøker, musikk, film) ein liten neddgang i utlånet. Totalt var det lånt ut 206 338 barnebøker i 2015, mot 200 087 året før. 

 

 

Biblioteka låner hos kvarandre når dei sjølve ikkje har materialet som er etterspurt. Etter at vi fekk eit felles søk i bibliotekkatalogane (Samsøk) og ei fylkesdekkande transportordning har det blitt mykje enklare å finne og få lånt materiale som fins i dei lokale biblioteka, og elles i landet. Året tranportordninga blei innført (2012) nesten tredobla biblioteka sitt utlån til andre bibliotek seg, frå 1441 til 4175 utsende dokument, og auken har fortsett. I 2015 lånte biblioteka ut 6176 einingar til andre bibliotek, medan dei lånte inn 12 709.


Alle utlånstal, fysiske media (pdf)

Bruk av digitale tenester, IKT (pdf)

Samanstilling fysiske/digitale utlån (pdf)

 

Omløpshastigheit

Omløpshastigheit seier noko om kor mykje ei samling er brukt, og den blir rekna ut ved å dele årleg utlån på bestanden. Eit omløpstal på 0,3 vil t.d. bety at av ei samling på 100 vil i gjennomsnitt 30 av desse vere utlånt 1 gong kvar det året. Eit lågt omløpstal vil bety at store delar av samlinga står urørt, og at ein bør sjå på innhaldet i samlinga. Det kan også gi signal om at samlinga er lite tilgjengeleg for lånarane, t.d. kort/ugunstig opningstid eller lang avstand til biblioteket.

På landsbasis er omløpshastigheita for vaksenbøker og barnebøker hhv. 0,9 og 1,4, altså noko høgare enn i Sogn og Fjordane.

Fylkets felles e-boksamling var på 5 246 lisensar ("eksemplar") ved utgangen av året. Desse vart totalt utlånt 16 476 gongar (samla frå alle typar bibliotek). Omløpshatigheit for e-bøker er dermed 3,14.

Arrangement

Den reviderte Lov om folkebibliotek legg meir vekt på aktiv formidling og folkesbiblioteka som "uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt". Talet på arrangement seier noko om aktiviteten på dette området. Arrangement kan innebere mykje; ulike typar litteraturformidling, barneførestellingar, forfattar- og føredragskveldar, leksehjelp, slektsforskningskurs, skrivekurs, språkkurs, lesesirklar og liknande.

Talet på arrangement og klassebesøk har auka ein god del dei siste åra, medan reine brukarorienteringar har minka noko. Tabellen viser utviklinga dei siste tre åra:


Arrangement Frammøtte
Klassebesøk
FrammøtteBrukarorienteringarFrammøtte
2013  2436 1875656 5551352 369
20143037 3335509 011992 122
20153489 3696359 8361191 992

Som vi ser tilbyr biblioteka i snitt nesten eitt arrangement kvar dag i året.

Tal for besøk, arrangement osv (pdf)


Besøk

Dei færraste av biblioteka har elektroniske besøksteljarar. Besøkstal er difor ofte basert på manuell teljing, stikkprøvetal eller eit overslag. Ikkje alle bibliotek rapporterer besøkstal. Reknar vi gjennomsnittleg besøkstal for kommunane som har rapportert besøk, kjem vi fram til 4,66 besøk pr. innbyggjar. Det er ein liten auke frå 4,59 i 2014.

Gjennomsnittleg tal bibliotekbesøk i Noreg er 4,4.

 

Ressursar

Ressurssituasjonen til folkebiblioteka betyr mykje for kva tilbod dei kan gi innbyggjarane i kommunen, og i kva grad dei kan oppfylle krava i Lov om folkebibliotek.

Bibliotekavdelingar og opningstimar

I Sogn og Fjordane er det 26 hovudbibliotek og 24 filialar. 15 kommunar har berre hovudbibliotket, medan 11 kommunar i tillegg har til saman 24 filialar. Ei vanleg veke har hovudbiblioteka ope til saman 587,5 timar, varierande mellom 8 og 48 timar. Filialane har i tillegg ope totalt 103,5 timar, i gjennomsnitt litt over 4 timar i veka kvar.

Det har vore ein krafitg reduksjon av filialar sidan årtusenskiftet. I 2000 var det 74 bibliotekavdelingar, dette var redusert til 50 i 2015 (nedgang på 32,4 %).

 

Personale

Halvparten av kommunane har biblioteksjef med bibliotekfagleg utdanning, 14 av totalt 26 kommunar har personar med bibliotekfagleg utdanning tilsett, dette er fordelt på 21 personar i 17,7 årsverk. 17 personar (7,76 årsverk) har anna høgre utdanning, medan 40 personar deler på 18,36 årsverk innan kategorien "anna kontor-/fagpersonale".

Kvart bibliotek rår over frå 0,5 til 5,0 årsverk, til saman er det tilsett 86 personar i ulike stillingar, fordelt på 44,73 årsverk. 10 bibliotek har 1 årsverk eller mindre, ytterlegare 9 har mellom 1 og 2 årsverk.

Talet på årsverk er redusert med nesten 10 sidan 2000, frå 54,38 til 44,73. Dette tilsvarar ein nedgang på 17,75 %.

Alle tal om tilsette og avdelingar

 

Mediebestand

Biblioteka tilbyr ulike typar media, storparten av dette er trykte bøker. Etter kvart har andelen andre typar media, som lydbøker, film, musikk mm. auka, prosenttdelen har stige frå 4,12 i 2000, til 10,92 i 2015.

Det har vore fokusert meir på samlingsutvikling dei siste åra, og mange har gjort ein ekstra innsats med å gå gjennom samlingane og luke ut uaktuelt og slite materiale.

 

ÅrTal bøker/aviser/
tidsskrift
Tal andre media 
(lydbøker, film mm)

Total bestand 
(fysiske media)

Prosentdel
"andre media"
2000955 15441 052996 2064,12
2001959 25041 3211 000 5714,13
2002976 88345 4041 022 2874,44
2003985 92747 2691 033 1964,58
2004949 90850 7521 000 6605,07
2005951 25159 1331 010 3845,85
2006973 21767 1101 040 3276,45
2007952 79771 6801 024 4777,00
2008933 80174 2351 008 0367,36
2009904 42375 421979 8447,70
2010896 81686 754983 5708,82
2011887 31889 918977 2369,20
2012874 92798 097973 02410,08
2013843 86396 303940 16610,24
2014817 27596 492913 76710,56
2015804 27898 579902 85710,92

 

Biblioteka i fylket tilbyr også e-bøker. Dette er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteket, folkebiblioteka og fleire bibliotek i vidaregåande skule, der ein har ei felles samling som eit tilbod til alle lånarane. E-boksamlinga er framleis under oppbygging, og har auka ein god del siste år. Ved årsskiftet kunne ein tilby lånarane 5246 "eksemplar"/lisensar, 824 barnebøker og 4422 vaksenbøker. Tala for 2014 var 1750 lisensar, 398 barnebøker og 1352 vaksenbøker. Eksemplara var fordelt på 1690 titlar - 317 for barn og 1373 for vaksne.

Alle tal mediebestand

 

Økonomi

Biblioteka rapporterer inn rekneskapstal for mediainnkjøp. Det er store ulikskapar i kor mykje kvar kommune brukar på innkjøp til mediasamlingane. Noko kan forklarast med storleik og kvalitet på samlingane frå før, kor mange filialar ein skal kjøpe inn til og storleik på kommune, men tala kan likevel seie litt om satsinga på bibliotek.

 

I 2015 brukte Høyanger mest pr. innbyggjar til medieinnkjøp, med 97,06 kroner, følgd av Solund og Aurland. På botn ligg Selje med 11,24 og Vågsøy med 11,03 kroner/innbyggjar. Snittet for fylket er 42,05 kroner pr. innbyggjar.

Dei siste 15 åra har kronesummen brukt på bibliotek vore nokolunde den same frå år til år, mellom 38,2 og 42,05 kroner pr. innbyggjar. Reknar vi tala om til 2015-kroner, ser vi det har vore ein nedgang i kva biblioteka har til medieinnkjøp, frå 55,39 i 2000 til 42,05 i 2015, ein nedgang på 24 %.

 


Tabellar med alle statistikktal