Folkebiblioteka rapporterer kvart år inn statistikk til Nasjonalbiblioteket. Statistikktala er frå fleire område av drifta, og kan gi eit bilete av stoda i biblioteka i Sogn og Fjordane. Ein må likevel vere varsam i bruk av tala, då det kan vere feilkjelder og ulike tilhøve i det enkelte bibliotek som kan gi eit skeivt inntrykk av heilskapen.

Vi har lagt ut tabellar med alle rapporterte statistikktal. Alle tal skal vere pr. 31.12.2014. Ved utrekningar som gjeld pr. innbyggjar har vi, som Nasjonalbiblioteket, brukt innbyggjartal pr. 01.01.2014 (henta frå SSB).

 

Bruk av biblioteket

Utlån

I april 2014 kunne folkebiblioteka i fylket byrje med e-bokutlån. Biblioteka bidreg inn til ein felles e-bokbase, slik at alle lånarane, uansett bustad, har same tilbod. E-bøker utgjer førebels ein liten del av det totale tilbodet til biblioteka, og ein liten del av utlånet. I gjennomsnitt lånte kvar innbyggjar i fylket 4,31 fysiske media, og 0,08 e-bøker. Vi antar e-bokutlånet vil auke når utvalet blir større og lånarane blir meir vande med formatet.

Etter ein topp tidleg på 2000-talet har utlånet både i fylket og på landsbasis gått nedover. (Den ekstra store nedgangen i 2008/09 skuldast mykje at fleire bibliotek var stengde pga. flytting/ombygging i delar av perioden.)

Utvikling utlån 1999-2014

 

Utlånet varierer mellom biblioteka, høgast utlån har ofte biblioteka som også er skulebibliotek (kombinasjonsbibliotek). I 2014 ligg Luster, Gloppen og Høyanger på topp, medan Selje, Leikanger og Vågsøy ligg nedst.
Utlån innbyggjarar kommune 2014.jpg
Det har skjedd eit skifte i fordelinga av utlån av barne- og vaksenbøker, tidlegare var det flest utlån av vaksenlitteratur, no er barnelitteraturen meir populær. Auken i utlåna av barnelitteratur kan ha samanheng med at frå ca. 2010 og utover satsa stadig fleire bibliotek på lesestimuleringsaksjonar som SommarLes, UngLes mm.
utlån barn vaksne 2014.jpg

Biblioteka låner hos kvarandre når dei sjølve ikkje har materialet som er etterspurt. Etter at vi fekk eit felles søk i bibliotekkatalogane (Samsøk) og ei fylkesdekkande transportordning har det blitt mykje enklare å finne og få lånt materiale som fins i dei lokale biblioteka. Året tranportordninga blei innført (2012) nesten tredobla biblioteka sitt utlån til andre bibliotek seg, frå 1441 til 4175 utsende dokument, og auken har fortsett.  Biblioteka låner også meir inn frå andre bibliotek.

Fjernlån 2014.jpg
Alle utlånstal (fysiske media)
 

Omløpshastigheit

Omløpshastigheit seier noko om kor mykje ei samling er brukt, og den blir rekna ut ved å dele årleg utlån på bestanden. Eit omløpstal på 0,4 vil t.d. bety at av ei samling på 100 vil i gjennomsnitt 40 av desse vere utlånt 1 gong kvar det året. Eit svært lågt omløpstal vil bety at store delar av samlinga står urørt, og at ein bør sjå på innhaldet i samlinga. Det kan også gi signal om at samlinga er lite tilgjengeleg for lånarane, t.d. kort/ugunstig opningstid eller lang avstand til biblioteket.

Nasjonale tal for 2014 er førebels ikkje tilgjengelege, men for 2013 var omløpshastigheita for vaksenbøker 0,74, barnebøker 1,33, film 4,87 og lydbøker 2,64. Totalt for alle typar media: 1,17. 

Omløpshastigheit 2014.jpg

Fylkets felles e-boksamling var på 1750 lisensar/"eksemplar" ved utgangen av året. Desse vart totalt utlånt 8956 gongar (samla frå alle typar bibliotek). Omløpshatigheit for e-bøker er dermed 5,12.


Arrangement

Den reviderte Lov om folkebibliotek er gjeldande frå 01.01.2014, og legg meir vekt på aktiv formidling og folkesbiblioteka som "uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt". Talet på arrangement seier noko om aktiviteten på dette området. Arrangement kan innebere mykje; ulike typar litteraturformidling, barneførestellingar, forfattar- og føredragskveldar, leksehjelp, slektsforskningskurs, skrivekurs, språkkurs, lesesirklar og liknande. I 2014 rapporterte biblioteka inn at dei hadde 303 arrangement, ein auke frå 243 året før. Det var 7 333 frammøtte, mot 6 187 i 2013.

I tillegg til arrangement hadde biblioteka 550 klassebesøk og 99 brukarorienteringar, med hhv. 9 011 og 2 122 frammøtte.

Tal for besøk, arrangement osv

Besøk

Dei færraste biblioteka har elektroniske besøksteljarar. Besøkstal er difor ofte basert på manuell teljing, stikkprøvetal eller eit overslag. Ikkje alle bibliotek rapporterer besøkstal. Hos dei som rapporterer viser det likevel ein nedgang i besøket i høve til året før: I 2013 besøkte innbyggjarane biblioteket 4,89 gongar, i 2014 er talet 4,59. 

 

Ressursar

Ressurssituasjonen til folkebiblioteka betyr mykje for kva tilbod dei kan gi innbyggjarane i kommunen, og i kva grad dei kan oppfylle krava i Lov om folkebibliotek.

Bibliotekavdelingar og opningstimar

I Sogn og Fjordane er det 26 hovudbibliotek og 26 filialar. 15 kommunar har berre hovudbibliotket, medan 11 kommunar i tillegg har til saman 26 filialar. Ei vanleg veke har hovudbiblioteka ope til saman 584,5 timar, varierande mellom 8 og 48 timar. Filialane har i tillegg ope totalt 105,2 timar, i gjennomsnitt rett over 4 timar i veka kvar.

Både tal filialar og timar biblioteka har ope pr. veke har gått nedover, som ein ser på diagramma under. i 2000 var det 74 bibliotekavdelingar, i 2014 var dette redusert til 52 (-29,7%). Totale opningstimar pr. veke har gått ned frå 859,25 til 689,7 (-19,7%). Opningstid og kor mange avdelingar som fins vil sjølvsagt bety noko for kor tilgjengeleg tilbodet til biblioteka er.

 

Avdelingar 2014.jpg
Opningstimar 2014.jpg

Personale

Halvparten av kommunane har biblioteksjef med bibliotekfagleg utdanning, 14 av totalt 26 kommunar har personar med bibliotekfagleg utdanning tilsett, dette er fordelt på 21 personar i 18,1 årsverk. Kvart bibliotek rår over frå 0,5 til 5,2 årsverk, til saman er det tilsett 88 personar i ulike stillingar, fordelt på 45,41 årsverk. 10 bibliotek har 1 årsverk eller mindre, ytterlegare 8 har mellom 1 og 2 årsverk.

Talet på årsverk er redusert med 9 sidan 2000, frå 54,38 til 45,41. Dette tilsvarar ein nedgang på 16,5 %.

 

Årsverk 2014.jpg

Alle tal om tilsette og avdelingar

 

Mediebestand

Biblioteka tilbyr ulike typar media, storparten av dette er trykte bøker. Etter kvart har andelen andre typar media, som lydbøker, film, musikk mm. auka, prosenttdelen har auka frå 4,12 i 2000, til 10,56 i 2014.

Dei siste åra har det vore auka fokus på samlingsutvikling, og fleire har gått kritisk gjennom samlingane for å rydde ut uaktuell og utslite materiale så ein står att med ei meir aktuell samling. Dette viser att i totalbestanden, og for t.d. bøker er bestanden no over 150 000 lægre enn den var på det største. 

År Tal bøker/aviser/
tidsskrift
Tal andre media 
(lydbøker, film mm)

Total bestand
(fysiske media)

Prosentdel
"andre media"
2000 955 154 41 052 996 206 4,12
2001 959 250 41 321 1 000 571 4,13
2002 976 883 45 404 1 022 287 4,44
2003 985 927 47 269 1 033 196 4,58
2004 949 908 50 752 1 000 660 5,07
2005 951 251 59 133 1 010 384 5,85
2006 973 217 67 110 1 040 327 6,45
2007 952 797 71 680 1 024 477 7,00
2008 933 801 74 235 1 008 036 7,36
2009 904 423 75 421 979 844 7,70
2010 896 816 86 754 983 570 8,82
2011 887 318 89 918 977 236 9,20
2012 874 927 98 097 973 024 10,08
2013 843 863 96 303 940 166 10,24
2014 817 275 96 492 913 767 10,56

 

Biblioteka i fylket tilbyr også e-bøker. Dette er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteket, folkebiblioteka og fleire bibliotek i vidaregåande skule, der ein har ei felles samling som eit tilbod til alle lånarane. E-boksamlinga var ved årsskiftet på totalt 1750 "eksemplar"/lisensar, 398 barnebøker og 1352 vaksenbøker.

Alle tal mediebestand

 

Økonomi

Det er store ulikskapar i kor mykje kvar kommune brukar på innkjøp til mediasamlingane. Noko kan forklarast med storleik og kvalitet på samlingane frå før, kor mange filialar ein skal kjøpe inn til og storleik på kommune, men tala kan likevel seie litt om satsinga på bibliotek.

I 2014 brukte Aurland mest pr. innbyggjar til medieinnkjøp, med 111,41 kroner, på botn ligg Selje med 7,36 kroner/innbyggjar. Snittet for fylket er 41,09 kroner pr. innbyggjar.

 

Medieinnkjøp pr innbyggjar kommune 2014.jpg

Dei siste 15 åra har kronesummen brukt på bibliotek vore nokolunde den same frå år til år, mellom 38,2 og 41,8 kroner pr. innbyggjar. Reknar vi derimot tala om til 2014-kroner, ser vi det har vore ein nedgang i kva biblioteka har til medieinnkjøp, frå 54,2 i 2000 til 41,1 i 2014, ein nedgang på drygt 24 %.

 

Medieinnkjøp utvikling 2014.jpg