Folkebiblioteka rapporterer kvart år inn statistikk til Nasjonalbiblioteket. Statistikktala er frå fleire område av drifta, og kan gi eit bilete av stoda i biblioteka i Sogn og Fjordane. Ein må likevel vere varsam i bruk av tala, då det kan vere feilkjelder og ulike tilhøve i det enkelte bibliotek som kan gi eit skeivt inntrykk av heilskapen.

Vi har lagt ut tabellar med alle rapporterte statistikktal. Alle tal skal vere pr. 31.12.2013. Ved utrekningar som gjeld pr. innbyggjar har vi, som Nasjonalbiblioteket, brukt innbyggjartal pr. 01.01.2013.

Bruk av biblioteket

Biblioteket blir brukt på mange måtar, om ein låner med seg noko heim, brukar biblioteket sine tilbod på staden, eller nyttar dei digitale tilboda til biblioteket. 

Fysiske utlån

I 2013 lånte kvar innbyggjar i Sogn og Fjordane i gjennomsnitt 4,62 einingar frå biblioteket. Dette er nært opp til landsgjennomsnittet på 4,71 utlån pr. innbyggjar.

Utvikling utlån 2013.jpg

I bibliotekstatistikken blir alt lån i kombinerte skule- og folkebibliotek ført på folkebiblioteket, og dermed vil slike bibliotek ofte ligge høgt på utlånsstatistikkar.

På utlånstoppen i fylket i 2013 ligg Luster, med 9,4 utlån pr. innbyggjar (8,76 i 2012), Høyanger med 9,16 (8,28) og Gloppen med 8,11 (6,78). På botn finn vi Vågsøy med 1,93 utlån pr. innbyggjar (1,82 i 2012), Selje med 1,88 (2,87) og Hornindal med 1,86 (1,53).

Diagrammet under viser utlån per innbyggjar fordelt på kommune, og kor stor del er bøker og andre media som t.d. lydbøker, film og musikk.

Utlån pr innbyggjar kommune.jpg

Tal for fysiske utlån (pdf)

Dersom lånaren ikkje finn det ho er ute etter i sitt eige bibliotek, kan biblioteket låne inn materiale frå andre bibliotek i det nasjonale nettverket. Som vi ser er det ein relativt jamn auke i kor mykje biblioteka i fylket har lånt inn frå andre (raud linje), medan det har vore ein sterkare auke i kor mykje biblioteka i Sogn og Fjordane har sendt frå seg dei siste par åra. Dette fell saman med innføring av felles biblioteksøk og transportordning for biblioteka i fylket - det er no mykje lettare å finne ut kva dei andre biblioteka har i samlingane sine, og å få det tilsendt frå dei lokale biblioteka.

Fjernlån 2013.jpg

Omløpshastigheit

Omløpshastigheit er eit mål på kor mykje ei samling blir brukt, og ein finn talet ved å dele årleg utlån på bestanden. Eit omløpstal på 0,3 vil t.d. bety at av ei samling på 100 bøker vart 30 utlån 1 gong kvar det året.

Som vi ser av tabellen er det mykje materiale i biblioteka som ikkje blir brukt.

Omløpshastigheit 2013.jpg


Bruk av elektroniske tenester

Alle biblioteka har bibliotekkatalogen tilgjengeleg for søking på nett. Dei fleste tilbyr samstundes at lånaren kan logge seg inn og få oversikt over eigne lån, reserver og fornye det dei har lånt. I 2013 blei det gjort 2 451 127 søk i biblioteka sine katalogar på nett (tal frå 23 av 26 bibliotek).

I 2013 hadde ikkje biblioteka tilbod om lån av elektroniske bøker.

Tal for bruk av digitale tenester (pdf)

Besøk, arrangement mm

Få bibliotek har besøksteljar, og registrering av besøk vil difor vere unøyaktig. I 2013 rapporterte biblioteka om eit samla besøkstal på 473 642 (tal frå 21 av 26 bibliotek). I gjennomsnitt besøkte kvar innbyggjar i kommunane som har rapportert tal biblioteket 4,89 gongar dette året, på landsbasis er talet 4,22 for dei kommunane som har rapportert besøk.

Biblioteka stod for 243 arrangement av ulike slag, med 6 187 frammøtte. Dei hadde også til saman 565 klassebesøk, og 135 timar med brukarorienteringar. 35 heimebuande lånarar fekk til saman 82 besøk, og 49 institusjonar blei besøkt totalt 143 gongar.

Tal for arrangement, besøk mm (pdf)

Ressursar

Kva ressursar eit bibliotek rår over betyr mykje for kva tilbod dei kan gi brukarane sine. Ressurssituasjonen i kommunane varier svært mykje. 

Alle tal for personalressursar, lokale og opningstid (pdf)

Personale

Det var 93 personar tilsett i biblioteka i 2013, fordelt på 47,14 årsverk. Halvparten (13) av biblioteka har fagutdanna biblioteksjef, totalt er det 22 personar med bibliotekfagleg utdanning, fordelt på 17,96 årsverk, tilsett i biblioteka.

Grafen under viser utviklinga i tal årsverk i biblioteka.

 

Årsverk 2013.jpg


Avdelingar og opningstid

Det er 26 hovudbibliotek og 26 filialar i Sogn og Fjordane, 15 kommunar har berre hovudbiblioteket. Opningstidene for hovudbiblioteka varierer mellom 8 og 42 timar pr. veke. Til saman har folkebiblioteka ope 710,25 timar pr. veke, mot 729,75 året før.

Diagrammet under viser utviklinga i opningstider over tid. Endringane skuldast både endringar i tal filialar, og endra opningstider på bibliotekavdelingane.

Opningstimar 2013.jpg

Mediebestand

Biblioteka har førebels stort sett fysisk materiale til utlån, som bøker, lydbøker og film. Andelen "andre media" - medietypar som ikkje er trykte tekstar - har auka for kvart år, både fordi desse samlingane blir større, men også fordi ein reduserer samlingane av trykt materiale. Også i år har prosentdelen andre media auka, men samlingane av både trykte og andre media er mindre enn i fjor. Dette tyder på at fleire bibliotek driv aktiv samlingsutvikling, og arbeider med å fjerne uaktuelt materiale.

År Tal bøker/aviser/
tidsskrift
Tal andre media
(lydbøker, film mm)
Total bestand Prosentdel
"andre media"
2000 955 154 41 052 996 206 4,12
2001 959 250 41 321 1 000 571 4,13
2002 976 883 45 404 1 022 287 4,44
2003 985 927 47 269 1 033 196 4,58
2004 949 908 50 752 1 000 660 5,07
2005 951 251 59 133 1 010 384 5,85
2006 973 217 67 110 1 040 327 6,45
2007 952 797 71 680 1 024 477 7,00
2008 933 801 74 235 1 008 036 7,36
2009 904 423 75 421 979 844 7,70
2010 896 816 86 754 983 570 8,82
2011 887 318 89 918 977 236 9,20
2012 874 927 98 097 973 024 10,08
2013 843 863 96 303 940 166 10,24

 

Økonomi

Det er store ulikskapar i kor mykje kvar kommune brukar på innkjøp til mediasamlingane. Ein del kan forklarast med storleik og kvalitet på samlingane frå før, kor mange filialar ein skal kjøpe inn til og storleik på kommune, men tala kan likevel seie noko om satsinga på bibliotek.

I gjennomsnitt brukte kommunane 41,63 kroner på medieinnkjøp pr. innbyggjar i året, og blant kommunane spenner forbruket mellom 100,04 kroner og 6,61 kroner pr. innbyggjar til innkjøp. Øvst ligg i år Høyanger, Luster og Solund, medan Balestrand, Vågsøy og Selje brukte aller minst.

Økonomi 2013.jpg

Alle økonomital (pdf)