Folkebiblioteka rapporterer kvart år inn statistikk til Nasjonalbiblioteket. Statistikktala er frå fleire område av drifta, og kan gi eit bilete av stoda i biblioteka i Sogn og Fjordane. Ein må likevel vere varsam i bruk av tala, då det kan vere feilkjelder og ulike tilhøve i det enkelte bibliotek som kan gi eit skeivt inntrykk av heilskapen.

Vi har lagt ut tabellar med alle rapporterte statistikktal. Alle tal skal vere pr. 31.12.2012. Ved utrekningar som gjeld pr. innbyggjar har vi, som nasjonalbiblioteket, brukt innbyggjartal pr. 01.01.2012.

Bruk av biblioteket

Biblioteket blir brukt på ulike måtar i tillegg til bokutlånet mange assosierer det med. Mange nyttarar biblioteket sine tilbod på staden, t.d. les aviser, låner pc eller er med på arrangement, eller dei besøker biblioteket sitt digitale tilbod på nett og får boktips og administerer låna sine frå eigen pc. Ulike bibliotek kan ha vekt på ulik bruk, og ikkje all bruk er lett å talfeste og rapportere.

Fysiske utlån 

Det samla utlånet frå folkebiblioteka i fylket ser ut til å vere på veg opp att, etter å ha gått ein god del ned etter toppåret 2003. Vi ligg no nesten på lanssnittet, med 4,76 utlån per innbyggjar, der landssnittet er 4,92.

Utvikling utlån 2012.jpg

Det er ulikt mellom folkebiblioteka kor mykje dei låner ut. Kombinasjonsbibliotek (kombinerte skule- og folkebibliotek) ligg naturleg ofte høgt på lista, sidan alt utlån her blir ført på folkebibliotekstatistikken.

Størst utlån per innbyggjar i 2012 hadde Luster, med 8,76 utlån per innbyggjar, Vik med 8,38 og Høyanger 8,28. Minst utlån hadde Solund med 1,93 utlån per innbyggjar, Vågsøy med 1,82 og Hornindal med 1,53.

Diagrammet under viser utlån per innbyggjar fordelt på kommune, og kor stor del er bøker og andre media som t.d. lydbøker, film og musikk.

Omløpshastigheit 

Omløpshastigheit er eit mål på kor stor del av samlinga som er i omløp, altså i bruk. Ein får eit tal for omløpshastigheit ved å dele utlån på bestand, og gir eit gjennomsnittstal på kor mange gongar ei bok e.l. blir utlånt på eit år. Er omløpstalet 1, blir kvar bok i gjennomsnitt utlånt ein gong i året, er den 0,5 blir halvparten av bøkene utlånt ein gong i året.

Eit lavt omløpstal viser at det er mykje av samlingane som står ubrukt i biblioteket.

Tabellen under viser omløpshastigheita for ulike medietypar i biblioteka i fylket. Det er jamnt over låge omløpstal.

Omløpshastigheit 2012.jpg

 

Bruk av elektroniske tenester

Alle så nær som eitt bibliotek har bibliotekkatalogen tilgjengeleg for søking på nett. Dei fleste tilbyr samstundes at lånaren kan logge seg inn og få oversikt over eigne lån, reserver og fornye det dei har lånt. I 2012 blei det gjort 2 157 998 søk i biblioteka sine katalogar på nett (tal frå 24 av 26 bibliotek).

Tal for bruk av digitale tenester (pdf)


Besøk, arrangement mm

I 2012 hadde biblioteka eit samal besøk på 499 650 (tal frå 24 av 26 bibliotek). Det kan vere unøyaktigheitar i tala, men viser at biblioteket er godt brukt. I gjennomsnitt besøkte kvar innbyggjar i kommunane som har rapportert tal biblioteket 4,86 gongar dette året, på landsbasis er talet 4,07.

Biblioteka stod for 224 arrangement med 7 336 frammøtte, hadde til saman 454 klassebesøk, og 256 timar med brukarorienteringar. 43 heimebuande lånarar fekk til saman 157 besøk, og 47 institusjonar blei besøkt totalt 192 gongar.

Tal for arrangement, besøk mm (pdf)

 

Ressursar

Kva ressursar eit bibliotek rår over betyr mykje for kva tilbod dei kan gi brukarane sine. Ressurssituasjonen i kommunane varier svært mykje.

Alle tal for personalressursar, lokale og opningstid (pdf)


Personale 

I biblioteka var det tilsett 92 personar, fordelt på 48 årsverk. Av desse hadde 22 personar (knapt 18 årsverk) bibliotekfagleg utdanning, medan 70 (30 årsverk) hadde annan fagbakgrunn. 14 av 26 kommunar hadde biblioteksjef med bibliotekfagleg utdanning.

Utviklinga av årsverk i biblioteka:

Årsverk 2012.jpg

Avdelingar og opningstid

I fylket er det 52 folkebibliotekavdelingar, 26 hovudbibliotek og 26 filialar. 15 kommunar har berre hovudbiblioteket. Til saman hadde avdelingane ope 729,75 timar pr. veke - for kvart enkelt bibliotekavdeling varierer opningstida mellom 48 og 2 timar pr. veke.

Under ser vi utviklinga av kor mykje biblioteka har ope. Endringa kan både skuldast endringa i tal filialar, og reduserte opningstider på eksisterande filialar.

Opningstimar 2012

Mediabestand

Førebels har biblioteka stort sett fysisk materiale som t.d. bøker, lydbøker og film. Delen "andre media", her i meininga det som ikkje er trykte tekstar, har auka jamnt og trutt dei siste åra - både på grunn av auka innkjøp til desse samlingane, men ogs fordi ein har redusert samlingane av trykt materiale. Ser ein på omløpshastigheita kan nok enda meir materiale som ikkje vert brukt kasserast.

År Tal bøker/aviser/
tidsskrift
Tal andre media
(lydbøker, film mm)
Total bestand Prosentdel
"andre media"
2000 955 154 41 052 996 206 4,12
2001 959 250 41 321 1 000 571 4,13
2002 976 883 45 404 1 022 287 4,44
2003 985 927 47 269 1 033 196 4,58
2004 949 908 50 752 1 000 660 5,07
2005 951 251 59 133 1 010 384 5,85
2006 973 217 67 110 1 040 327 6,45
2007 952 797 71 680 1 024 477 7,00
2008 933 801 74 235 1 008 036 7,36
2009 904 423 75 421 979 844 7,70
2010 896 816 86 754 983 570 8,82
2011 887 318 89 918 977 236 9,20
2012 874 927 98 097 973 024 10,08

 Alle bestandstal (pdf)

Økonomi

Om ein ser på kor mykje kva kommune brukar på innkjøp til biblioteksamlingane, kjem det fram store forskjellar. Ein del kan forklarast med storleik og kvalitet på samlingane frå før, kor mange filialar ein skal kjøpe inn til og storleik på kommune, men tala kan likevel seie noko om satsinga på bibliotek.

I gjennomsnitt brukte kommunane 41,36 kroner på medieinnkjøp pr. innbyggjar i året. Ytterpunkta er Høyanger, som brukte 97,12 kroner, og Vågsøy, som brukte 14,11 kroner.

Medieinnkjøp pr innbyggjar kommune 2012.jpg