Kvart år rapporterer biblioteka inn statistikktal til Nasjonalbiblioteket. Her vil vi presentere og kommentere nokre av desse tala for å gi eit inntrykk av stoda for folkebiblioteka i fylket. Ein må likevel vere merksam på at det som blir rapportert berre er delar av verksemda, og det kan også vere ulike feilkjelder i rapporteringa.

Vi har også lagt ut tabellar med alle rapporterte statistikktal. Alle tal er pr. 31.12.2011. Ved utrekningar som gjeld pr. innbyggjar har vi brukt innbyggjartal pr. 01.01.2011.

 

Utlån

Sjølv om biblioteka i dag tilbyr mykje meir enn berre låne med seg heim materiale, seier utlånstala noko om aktiviteten i biblioteket. I 2011 lånte kvar innbyggjar i fylket i snitt 4,66 einingar, ned frå 4,70 året før. Vi ligg under landssnittet, der var utlånet 5,08 (5,12). Som ein ser av grafen har utviklinga i fylket vore jamn med resten av landet, men Sogn og Fjordane hadde ein kraftig nedgang i utlånet samstundes som den auka på landsbasis, utan at vi har ei god forklaring på dette.

Utvikling utlån 2011.jpg

På utlånstoppen ligg Vik, Naustdal og Høyanger. Dei hadde hhv. 8,39 (5,82 i 2010), 8,24 (6,13) og 8,06 (7,83) utlån pr. innbyggjar. Som vi ser har både Naustdal og Vik hatt ein stor auke.

Vi må gjere merksam på at slik reglane for rapportering av utlån er no, skal alt utlån i eit kombinasjonsbibliotek (dvs. kombinert skule- og folkebibliotek) rapporterast på folkebibliotekstatistikken. Dette vil ofte føre til at kombinasjonsbibliotek hamnar på toppen av utlånsstatistikkar, og dei tre på topp i Sogn og Fjordane har alle kombinasjonsbibliotek.

Dårlegast ut på utlånsstatistikken kjem Gulen, Vågsøy og Hornindal. Dei hadde 2,04 (1,97 i 2010), 1,97 (2,00) og 1,32 (1,58) utlån pr. innbyggjar.

Biblioteket låner ikkje berre ut bøker. Diagrammet under viser utlån pr innbyggjar i kvar kommune for 2011, fordelt på bøker og andre media, som t.d lydbøker og film.

Utlån innbyggjarar kommune 2011.jpg

Alle utlånstal (pdf-tabell)

 

Omløpshastigheit

For å sjå i kor stor grad samlingane til biblioteka blir brukt, kan ein sjå på omløpshastigheita. Omløpshastigheit får ein ved å dele utlån på bestand, og gir eit gjennomsnittstal på kor mange gongar ei bok e.l. blir utlånt på eit år. Har biblioteket ei omløpshastigheit på 1,0 blir kvar eining i gjennomsnitt lånt ut ein gong pr. år. Er den 0,5 tilsvarar det at halvparten av samlinga blir lånt ut ein gong pr. år.

Lav omløpshastigheit betyr at mykje av samlingane ikkje er brukt. Det kan vere fordi materialet er gamalt, utslite eller uaktuelt, men kan også skuldast at det ikkje er tilgjengelege med omsyn til opningstider på biblioteket, eller at publikum ikkje finn det dei er ute etter. Generelt ligg biblioteka lågt på omløpshastigheit, det betyr altså at det er mykje av samlingane i biblioteka som står unytta.

Tabellen under viser omløpshastigheit for ulike mediatypar i dei enkelte kommunane.

Omløpshastigheit 2011.jpg

 

Økonomi

Det er litt ulikt kva biblioteka rapporterer inn av økonomital, så totale driftsutgifter er vanskeleg å samanlikne. Vi har valgt å sjå på kor mykje kvar kommune brukar til å kjøpe inn bøker og anna materiale til biblioteket.

Kor mykje kvar kommune treng å bruke på medieinnkjøp er avhenging av fleire ting, som størrelse og kvalitet mediastammen har frå før, om ein skal kjøpe inn til fleire filialar, og storleiken på kommunen. Ein kan ofte sjå ein samanheng mellom små innkjøpsbudsjett, som då fører til dårlegare samlingar, og lågt utlån.

 

Medieinnkjøp pr innbyggjar kommune 2011.jpg

I 2011 er det Aurland, Høyanger og Luster som i snitt har brukt mest på innkjøp, medan Førde, Balestrand og Vågsøy ligg på botn av lista.

Alle økonomital (pdf-tabell)

Ein del av tilveksten av bøker i biblioteka kjem frå dei statlege innkjøpsordningane. Som vi ser i diagrammet under er det ulikt i kor stor grad biblioteka baserer seg på innkjøpsordningane, og kor mykje dei kan velje ut og kjøpe inn for eigne midlar. Dersom biblioteket har eit lite innkjøpsbudsjett vil kulturfondsetta utgjere desto større del av tilveksten.

innkjøpsordninga 2011.jpg

 

Mediabestand

Førebels er det stort sett fysisk materiale i biblioteka, som trykte bøker, lydbøker og film på dvd. Den totale mediebestanden i biblioteka har gått litt ned, og det er på grunn av reduksjon i boksamlingane. Bestanden - og andelen - andre typar media har auka litt. Som vi har sett på omløpstala er det mykje ubrukt materiale som står i hyllene, og ein del samlingar kan nok med fordel reduserast.

 

År Tal bøker/aviser/
tidsskrift
Tal andre media
lydbøker, film mm)
Total bestand Prosentdel
"andre media"
2000 955 154 41 052 996 206 4,12
2001 959 250 41 321 1 000 571 4,13
2002 976 883 45 404 1 022 287 4,44
2003 985 927 47 269 1 033 196 4,58
2004 949 908 50 752 1 000 660 5,07
2005 951 251 59 133 1 010 384 5,85
2006 973 217 67 110 1 040 327 6,45
2007 952 797 71 680 1 024 477 7,00
2008 933 801 74 235 1 008 036 7,36
2009 904 423 75 421 979 844 7,70
2010 896 816 86 754 983 570 8,82
2011 887 318 89 918 977 236 9,20

 Alle tal for mediabestand (pdf-tabell)

 

Besøk, opningstimar og personale

Biblioteka skal rapportere inn kor mange besøkande som er innom i løpet av året. Enkelte har besøksteljarar i døra, andre tel besøkande i stikkprøveveker og brukar det som snittal for heile året, og andre igjen gir eit omtrentleg overslag. Dette gjer at besøkstala kan bli noko unøyaktige, og ein kan ikkje vere for bombastisk i omtalen av tala.

Snittet på besøk pr. innbyggar for biblioteka som har rapportert besøkstal er 4,99, mot 4,5 på landsbasis.

Om ein ser på utlån pr. besøk, varierer dette frå 2,88 (Leikanger) til 0,60 (Eid). Desse tala kan sei noko om korleis biblioteket blir brukt - kjem folk til biblioteket for å låne, eller bruke bibliotektilbodet på staden?

 

Utlån pr. besøk 2011.jpg
 
Biblioteka gjer anna enn å låne ut bøker, og i 2011 var det meldt inn 141 arrangement og 274 utstillingar. 
 

For at folk skal kunne bruke biblioteket i det heile, må det vere tilgjengeleg - biblioteket må vere i rimeleg nærleik, og ha ope når ein har høve til å besøke det. Fram til 2008 gjekk den totale tida biblioteka var ope kraftig nedover, men dei siste åra har den auka litt igjen. Frå 2010 til 2011 er det nokre bibliotek som har måtta redusere opningstidene, medan andre har fått auka tida dei held ope. Men talet på årsverk som skal betjene publikum er ikkje auka, men heller redusert.

 

opningstimar og årsverk 2011.jpg
 

I Lov om folkebibliotek heiter det i §5 at "Alle kommuner skal ha fagutdannet biblioteksjef.". I Sogn og Fjordane hadde akkurat halvparten, 13 av 26 kommunar biblioteksjef med slik fagutdanning. Av totalt 47,66 årsverk knytta til biblioteka, er det fagutdanna bibliotekar* i 17,71 av desse.

* Definisjonen på fagutdanna bibliotekar er her "Kandidat med bachelor- eller høyere grad, med minst 120 studiepoeng bibliotekspesifikke fag i fagkretsen, eller tilsvarende utdanning innen eldre gradsstruktur, der 120 studiepoeng tilsvarer 40 vekttall, eller tilsvarende nordisk utdanning." (Forskrift om personale i kommunale folkebibliotek fra 05.jan.1987)

 

I folkebiblioteka i fylket er det registrert 25 678 aktive personlege lånarar, altså ca 1/4 av folketalet i fylket. Talet fangar ikkje opp om eitt lånekort blir brukt av fleire i ein familie, eller om ein person har lånekort i fleire bibliotek.

Tal for opningstimar, personale mm (pdf-tabell)

Tal for arrangement, besøk, bruk av nettsider mm (pdf-tabell)

 

Det digitale biblioteket

Av 26 bibliotek har 24 gjort bibliotekkatalogen tilgjengeleg på internett, der ein då kan søkje opp kva biblioteket har i samlingane sine, sjå eigne lån, reservere mm. Fleire har også nettsider, facebokkside, blogg mm der dei kommuniserer med brukarane.