Kvart år rapporterer biblioteka i Noreg inn statistikktal til Nasjonalbiblioteket. Nedanfor finn du ein del av resultata for 2010, med kommentarar. Vi har også lagt ut tabellar med alle rapporterte statistikktal. Alle tal er pr. 31.12.2010. Ved utrekningar som gjeld pr innbyggjar har vi brukt innbyggjartal pr. 01.01.2010.

NB! Ein må vere merksam på at statistikken som er samla inn ikkje vil gi eit fullgodt bilete av bruken av biblioteket sine tenester. Det som blir rapportert er delar av verksemda, og det kan også vere ulike feilkjelder i rapporteringa.

 

Utlån

Utlån er ein viktig måte å måle aktiviteten på eit bibliotek. Utlånet kan bl.a. seie noko om aktivitetsnivå og om ein treff med samlingane biblioteket har. For 2010 viser utlånet ein viss oppgang etter fleire år med synkande utlånstal. Snittet for Sogn og Fjordane er 4,70 utlån pr. innbyggjar pr. år, mot 4,42 året før. Landsnittet for 2010 er 5,1 (5,24). Diagrammet under viser utviklinga av bibliotekutlånet i fylket.

Utvikling utlån 2010.jpg

Ser ein på topp og bunn når det gjeld utlån frå det enkelte biblioteket i Sogn og Fjordane, kjem Luster på topp med 9,5 utlån pr. innbyggjar pr. år. Luster hadde i 2009 8,39 utlån. På dei neste plassane kjem Hyllestad med 8,19 utlån (7,23), Høyanger med 7,83 (8,76) og Gloppen med 7,77 (8,04).

Når det gjeld utlånstal kan det vere viktig å ha i bakhovudet at der folkebiblioteka er kombinasjonsbibliotek med skular, blir også alt "skulebibliotekutlån" ført på folkebiblioteket sin statistikk. Frittståande skulebibliotek rapporterer eige utlån til Nasjonalbiblioteket, og går ikkje inn i folkebibliotekstatistikken. Ein får på denne måten fram den totale mengda utlån folkebiblioteka håndterer, men ikkje det totale talet utlån som blir gjort i kommunen.

Dårlegast ut når det gjeld utlån kjem Gulen med 1,97 utlån pr innbyggjar (1,94 i 2009), Solund med 1,76 (det same som året før), og til slutt Hornindal med berre 1,58 (1,95) utlån pr innbyggjar. Diagrammet under viser utlånet pr. innbyggjar pr. år, fordelt på bøker og andre mediatypar (film, lydbøker, musikk osv).

Utlån innbyggjarar kommune 2010.jpg

For å sjå kor mykje samlingane til biblioteket blir brukt, kan ein sjå på omløpshastigheita. For å få omløpshastigheita delar ein utlånstal på bestand. På denne måten får ein eit gjennomsnitt på kor mange gongar bøkene i samlinga blir utlånt på eit år. Ein omløpshastigheit på t.d. 0,3 betyr at frå ei samling på 100 bøker er det foretatt 30 ulån i løpet av året. For bokutlån er lånetida ofte 1 månad. Det vil altså seie at for ei samling med 0,3 som omløpshastighet vil 70% av bøkene aldri bli utlånt, medan 30% er utlånt 1 av 12 månader.

Omløpshastigheita kan såleis gi ein indikasjon på om det er mykje materiale som berre står og samlar støv på hyllene utan å bli brukt.

Omløpshastigheit for samla bestand, for bøker og for film/musikk/lydbøker

Omløpshastigheit 1 2010.jpg

Omløpshastigheit for bøker, fordelt på barn og vaksne

På landsbasis er omløpshastigheita for vaksenbøker i snitt 0,8, for barnebøker 1,3.

Omløpshastigheit 2 2010.jpg

Som vi ser av desse tabellane med omløpshastigheit for ulike samlingar er det mykje materiale i biblioteka i fylket som ikkje blir brukt. Ei mindre samling av god kvalitet er som oftast meir brukt enn ei stor samling med mykje gamalt og slite materiale.

Ulike faktorar som ikkje kjem fram i tabellen kan påverke tala. T.d. i indre Sunnfjord har Førde, Gaular, Jølster og Naustdal eit samarbeid der bøker blir fritt lånt mellom biblioteka. Då kan ein få ein god del utlån av bøker som ikkje er frå eigen bestand, og dermed ein "bedre" omløpshastigheit.

Ein må også sjå tala i samanheng med kor tilgjengelege samlingane er. Dersom t.d. biblioteket har korte eller ugunstige opningstider kan det gi dårlegare utlån, og dermed dårlegare utnytting av samlingane.

Tabell med alle utlånstal (pdf)

 

Økonomi

Det kan vere vanskeleg å samanlikne tala for å sjå kva den enkelte kommunen brukar på biblioteket - det er ulike tal som vert rapportert inn og ulike tilhøve ein må ta hensyn til i den enkelte kommunen.

Vi har valgt å sjå på kor mykje den enkelte kommunen brukar pr. innbyggjar på innkjøp av bøker og anna materiale til biblioteket. Tilhøve som spelar inn her kan vere kva grunnstamme av media biblioteket alt har, tal bibliotekfilialar og storleiken på kommunen. Men tala kan gi ein peikepinn på satsinga.

Kroner brukt til medieinnkjøp, pr. innbyggjar

Medieinnkjøp pr innbyggjar kommune 2010.gif

På toppen finn vi Høyanger og Aurland, som brukte hhv 89,58 (78,47 i 2009) og 89,18 (92,18) kroner pr innbyggjar til medieinnkjøp i 2010. I andre enden av skalaen finn vi Vågsøy og Balestrand, med 16,40 (14,55) og 16,37 (18,17) kroner brukt pr. innbyggjar. Fylkessnittet er på 39,57 (41,34).

Tabell med alle økonomital (pdf)

 

Mediabestand

Når ein snakkar om mediabestand er det stort sett fysisk materiale ein meinar. Framleis er det knapt nokon som har tilbod om digitale dokument, men dette vil endre seg når tilbodet av t.d. ebøker er større, og ein får på plass utlånsordningar for dette.

År Tal bøker/aviser/
tidsskrift
Tal andre media
lydbøker, film mm)
Total bestand Prosentdel
"andre media"
2000 955 154 41 052 996 206 4,12
2001 959 250 41 321 1 000 571 4,13
2002 976 883 45 404 1 022 287 4,44
2003 985 927 47 269 1 033 196 4,58
2004 949 908 50 752 1 000 660 5,07
2005 951 251 59 133 1 010 384 5,85
2006 973 217 67 110 1 040 327 6,45
2007 952 797 71 680 1 024 477 7,00
2008 933 801 74 235 1 008 036 7,36
2009 904 423 75 421 979 844 7,70
2010 896 816 86 754 983 570 8,82

Den totale mediabestanden har auka litt frå året før, noko som skuldast vekst i bestanden av "andre media". Talet på bøker blir framleis redusert, men som ein har sett på omløpstala er det nok rom for å redusere ein del samlingar kraftig.

Ein del av tilveksten i folkebiblioteka er basert på bøker ein får frå dei statlege innkjøpsordningane. Som diagrammet under viser baserer enkelte bibliotek seg veldig mykje på materiale frå desse innkjøpsordningane, og ein mindre del av tilveksten er basert på aktive val biblioteket gjer når det gjeld innkjøp.

Innkjøpsordningane (Kulturfond) - prosent av tilvekst

innkjøpsordninga 2010.jpg

Tabell med oversikt over mediabestand (pdf)

 

Besøk, opningstimar og personale

Biblioteka rapporterar inn kor mange besøk dei har i løpet av året. Enkelte har besøksteljarar i døra, medan andre tel besøkande i stikkprøveveker og brukar det som snittal for heile året. Dette gjer at besøkstala kan bli noko unøyaktige.

Snittet på besøk pr. innbyggar for biblioteka som har rapportert besøkstal er 4,91, mot 4,5 på landsbasis.

Om ein ser på utlån pr. besøk, varierer dette frå 2,88 (Leikanger) til 0,60 (Eid). Desse tala kan sei noko om korleis biblioteket blir brukt - kjem folk til biblioteket for å låne, eller bruke bibliotektilbodet på staden?

Utlån pr. besøk 2010.jpg

For at innbyggjarane i det heile skal få brukt biblioteket, må det vere ope og ha personale som kan hjelpe. På grafane under ser ein utviklinga frå 2000 på det totale talet opningstimar for biblioteka i fylket, samt det samla talet på årsverk i biblioteka i fylket. Nedgangen i opningstimar kan skuldast både nedleggingar av filialar og redusering av det enkelte bibliotek sine opningstider.

opningstimar og årsverk 2010.jpg

I Lov om folkebibliotek heiter det i §5 at "Alle kommuner skal ha fagutdannet biblioteksjef.". I Sogn og Fjordane hadde 12 av 26 kommunar biblioteksjef med slik fagutdanning. Av totalt 48,58 årsverk knytta til biblioteka, er det fagutdanna bibliotekar* i 17,15 av desse.

* Definisjonen på fagutdanna bibliotekar er her "Kandidat med bachelor- eller høyere grad, med minst 120 studiepoeng bibliotekspesifikke fag i fagkretsen, eller tilsvarende utdanning innen eldre gradsstruktur, der 120 studiepoeng tilsvarer 40 vekttall, eller tilsvarende nordisk utdanning." Kjelde

Alle tal om avdelingar og personale (pdf)

Ein drøy femtedel av innbyggjarane i fylket var registrert som aktive lånarar på biblioteket i 2010, dvs er registrert å ha lånt noko frå eit kommunalt bibliotek. Tala fangar ikkje opp om to brukar same lånekort for å låne (t.d. foreldre/barn). Alle tal om registrerte aktive lånarar.

 

Det digitale biblioteket

Biblioteka har stadig fleire tenester på nett, og tilbyr elektroniske tenester. Dei fleste (23 av 26) har bibliotekkatalogen søkbar på nettet, og dei siste tre arbeider no aktivt for å få ei slik teneste. I samband med katalogen på nett tilbyr biblioteka også sjølvbeteningstenester som at ein kan fornye lån, reservere bøker mm. Fleire bibliotek satsar også aktivt på kommunikasjon med brukarane vha heimesider og/eller facebooksider. Dessverre har ein framleis ikkje gode tal for kor mykje dei digitale tenesten til biblioteka blir brukt, men håpar vi får bedre rapportar på dette i komande år.