Kvart år rapporterer biblioteka i Noreg inn statistikktal til ABM utvikling (Statens senter for arkiv, bibliotek og museum). Nedanfor finn du ein del av resultata for 2009, med kommnetarar. Vi har også lagt ut oversikt over alle rapporterte statistikktal.

NB! Ein må vere merksam på at statistikken som er samla inn ikkje vil gi eit fullgodt bilete av bruken av biblioteket sine tenester. Det som blir rapportert er delar av verksemda, og det kan også vere ulike feilkjelder i rapporteringa.  

Alle tal rapportert er stoda pr 31.12.2009. Ved utrekningar som gjeld pr innbyggjar har vi brukt innbyggjartal pr 01.01.2010. ABMu har brukt innbyggjartal pr 01.01.2009, og difor kan fylkesbiblioteket sine tal avvike noko frå tala til ABMu.


Utlån

Utlånstala for fylket totalt ligg omtrent på nivå med 2008; eit snitt på 4,42 utlån pr innbyggjar mot fjorårets 4,45. Landssnittet var 5,24. Høgast utlån pr. innbyggjar har Høyanger, med 8,76, følgd av Luster og Gloppen, med 8,39 og 8,04 utlån pr. innbyggjar. Vi gjer merksam på at dei tre biblioteka som ligg på topp har kombinasjonsbibliotek med skular, der alt "skulebibliotekutlån" etter rapporteringsreglane blir ført i statistikken til folkebiblioteket.

Dårlegast ut i år kjem Årdal, med berre 1,47 utlån pr innbyggjar, ned frå 3,62. Dette skuldast at Årdal var utan bibliotektilbod i perioden mars-november 2009 på grunn av oppgradering og ombygging. Ellers finn vi Gulen med 1,94 (1,69 i 2008), Vågsøy med 1,88 (1,64), Solund med 1,76 (3,01) og til slutt Hornindal med 1,70 utlån pr innbyggjar (1,95). 

Utlån pr. innbyggjar, fordelt på bøker og andre media (ikkje inkludert utlån frå bokbuss/bokbåt)

utlaan_innbyggjarar09.jpg

Som vi ser har utlånet gått ein god del ned dei siste åra, etter ein topp i 2003:

Utlån pr. innbyggjar, alle media

utlaan_utvikling09.jpg


Utvikling av utlånstal 2006-2009 for det enkelte bibliotek:

Utlån pr. kommune 2006-2009 (ikkje inkludert utlån frå bokbuss/bokbåt)

utlaansutvikling_pr_kommune09.jpg

Biblioteka i Noreg er del av eit nettverk, og har høve til å låne inn bøker dei ikkje har sjølve frå andre bibliotek. Dette er ei supplement i utlånsarbeidet, ikkje ei erstatning for eige innkjøp. Diagrammet under viser i kor stor grad dei ulike biblioteka låner inn frå andre bibliotek. Som vi ser er det nokre kommunar der ein relativt stor del av materialet som er utlån på biblioteket kjem frå andre bibliotek, medan andre er meir "sjølvberga".

Utlån av bøker innlånt frå anna bibliotek, som prosent av totalt utlån

innlaan09.jpg

For å sjå på kor mykje av biblioteket si samling som blir utlånt kan ein sjå på omløpshastigheten, dvs talet ein får om ein deler utlånet på bestanden. Den gir eit snitt på kor mange gongar boka/lydboka/filmen blir lånt ut pr. år.

Tabellen viser omløpshastigheten for alle media samla, bøker, film og lydbøker. Tala viser at det nok er mykje "dødt" materiale på bibliotekhyllene, der ein kanskje bør vurdere å kassere meir. Spesielt for (trykte) bøker er omløpshastigheten svært lav.

Omløpshastigheit

omlopshastighet09.jpg

Ulike faktorar som ikkje kjem fram i tabellen kan påverke tala. T.d. i indre Sunnfjord har Førde, Gaular, Jølster og Naustdal eit samarbeid der bøker blir fritt lånt mellom biblioteka. Då kan ein få ein god del utlån av bøker som ikkje er frå eigen bestand, og dermed ein "bedre" omløpshastighet.

Tal utlån fysiske media

 

Økonomi

Når det gjeld økonomi kan det vere litt vanskeleg å samanlikne kva dei enkelte kommunane brukar på bibliotek totalt, sidan det er ulikt kva som vert rapportert inn og ulike tilhøve som må tas hensyn til i dei enkelte kommunane.

Under er ein tabell som viser kor mykje kvar kommune brukar pr innbyggjar på medieinnkjøp. Ein kan ikkje alltid direkte samanlikne tala for dei enkelte kommunane, ting som t.d. kva grunnstamme av media ein alt har, kor mange bibliotekfilialar og storleiken på kommunen spelar inn, men det kan gi ein peikepinn på satsinga. Landssnittet er kr 29,72 pr innbyggjar.

Fylkessnittet er 41,34 kroner pr innbyggjar. Nederst på lista kjem Balestand, Vågsøy og Selje, som har brukt hhv 18,17, 14,55 og 13,72 kroner pr innbyggjar i 2009. Den som brukte mest på medieinnkjøp var Vik (kr 106,10), følgd av Aurland (kr 92,15) og Solund (kr 84,43).

Lite innkjøp av aktuell litteratur kan påvirke utlånstala, og også kor mykje ein må låne inn frå andre bibliotek (sjå diagram under Utlån).

Kroner brukt til medieinnkjøp, pr. innbyggjar

medieinnkjop09.jpg

Alle økonomital

 

Bok- og mediabestand

Den totale mediebestanden har gått litt ned sidan året før. Det tyder på at biblioteka er aktive i arbeidet med å kassere gamalt og uaktuelt materiale, men om ein ser på tabellen for omløpshastighet kunne nok biblioteka ha kassert enno meir.

Talet og andelen "andre media", som film, lydbøker osv, blir også dette året litt større.

År

Tal bøker/ tidsskrift/aviser

Andre media (lydbøker, film mm)

Totalt tal alle media

Prosentdel 
"andre media"

2000

955 154

1 052

96 206

4,12

2001

959 250

41 321

1 000 571

4,13

2002

976 883

45 404

1 022 287

4,44

2003

985 927

47 269

1 033 196

4,58

2004

949 908

50 752

1 000 660

5,07

2005

51 251

59 133

1 010 384

5,85

2006

973 217

67 110

1 040 327

6,45

2007

952 797

71 680

1 024 477

7,00

2008

933 801

74 235

1 008 036

7,36

2009

904 423

75 421

979 844

7,7

 

Biblioteka melder inn kor stor del av tilveksten av media på biblioteket som er resultat av dei statleg finansierte innkjøpsordningane. Andelen varierer (og vi må ta atterhald om feilrapportering), men for enkelte bibliotek er ein stor del av tilveksten basert på desse ordningane. (Manglar tal frå Jølster.)

Innkjøpsordningane (Kulturfond) - prosent av tilvekst

innkjopsordning09.jpg

Frå og med 2008 blir det også samla inn tal for digitale dokument og ressursar som biblioteka tilbyr, men her er det framleis lite å rapportere.

Alle bestandstal


Personale, opningstimar og besøk

Årsverk, med og utan bibliotekfagleg utdanning, 2000-2009

aarsverk_fordelt09.jpgTotalt var det i 2009 47,8 årsverk knytta til biblioteka i fylket. Om ein ser tilbake til år 2000 er det ein nedgang frå 54,4 årsverk. Den største nedgangen er innan personale med bibliotekfagleg utdanning, her er det redusert frå 21,5 til 16,8, mot anna personale med nedgang frå 32,9 til 31 årsverk. (Med bibliotekfagleg utdanning meinar vi her bibliotekfagleg utdanning på høgskule/universitetsnivå, jfr. forskrift til Biblioteklova.)
I 2008 var berre 35% av årsverka i folkebiblioteka dekka av personar med bibliotekfagleg utdanning.

I følgje Biblioteklova skal alle kommunar ha fagutdanna biblioteksjef. Ved årsskiftet hadde 12 av 26 kommunar i fylket biblioteksjef med slik utdanning. Til saman 13 av 26 kommunar har personale med bibliotekfagleg utdannig. I tillegg har ein del kurs frå Statens bibliotektilsyn/ABM utvikling (kurs for biblioteksjefar utdan fagutdanning).

 

Opningstimar 2000-2009

opningstimar09.jpgTalet på samla timar alle biblioteka har ope pr veke viser ein oppsving i 2009, frå 693 i 2008 til 725,5. Dette er ei "vanleg" veke, og tar ikkje omsyn til evt. sommarferie eller andre stengingar.

Det er no 55 bibliotekavdelingar (hovudbibliotek og filialar) i fylket, tre færre enn året før, og ned frå 74 i år 2000.

Det skal også rapportertast inn besøkstal, men vi manglar dette for fleire bibliotek. Dei fleste har heller ikkje automatiske teljarar så tala er ganske usikre. Om vi reknar snittet for dei kommunane som har rapportert tal, har kvar innbyggjar besøkt biblioteket 4,3 gonger - det same talet som året før.

Alle tal om personale, bibliotekavdelingar, opningstimar mm

Tal for besøk mm.

 

Lånarar

Frå og med 2008 rapporterer biblioteka inn tal på aktive lånarar, fordelt på alder og kommunetilhørighet.

Tabell med oversikt over tal lånarar


IKT, digitale tenester og samlingar

Alle folkebiblioteka har elektronisk katalog over (heile eller delar av) samlingane sine, sjølv om nokre manglar tal for registrerte einingar i katalogen. Ved årsskiftet hadde 21 av 26 folkebibliotek denne katalogen søkbar på nettet, det same talet som året før..

Frå 2008 skal det også rapporterast om digitale tenester, som t.d. digitale filer for nedlasting, databasar biblioteket gjer tilgjengeleg for brukarane sine, søk i katalogen og bruk av biblioteket sine nettsider. Det er framleis rapportert lite slike tal - dels fordi få bibliotek har t.d. nedlastbare tekst- eller lydfiler, dels fordi dette er tal det kan vere vanskeleg å får henta ut av datasystema.

Litt om katalog og heimesider (bl.a.)

Nedlasting, søk, viste postar