Kvart år rapporterer biblioteka i Noreg inn statistikktal til ABM utvikling (Statens senter for arkiv, bibliotek og museum). Nedanfor finn du ein del av resultata for 2008, med kommentarar. Det fins også tabellar med alle tala som er samla inn.

Ein må vere merksam på at statistikken som er samla inn ikkje vil gi eit fullgodt bilete av bruken av biblioteket sine tenester. Det som blir rapportert er delar av verksemda, og det kan også vere ulike feilkjelder i rapporteringa.  
 

Utlån

Utlånstala totalt går nedover. For ein del bibliotek er det auke, men dei fleste har ein viss nedgang. For ein del kommunar kan nedgangen forklarast med at biblioteket har vore heilt eller delvis nedpakka og/eller stengt for ei tid. 

Snittet for fylket er 4,45 utlån pr. innbyggjar, om ein held utlånstala frå bokbuss og bokbåt utanfor. Dette er ned frå 4,82 i 2007 og 4,94 i 2006. På "utlånstoppen" ligg igjen Høyanger med 9,48 utlån pr innbyggjar, følgd av Naustdal (7,64) og Gloppen (7,29). Det kan vere verdt å merke seg at dei tre biblioteka som ligg på topp har kombinasjonsbibliotek med skular, der alt "skulebibliotekutlån" etter rapporteringsreglane blir ført i statistikken til folkebiblioteket. 

I andre enden av skalaen finn vi igjen Hornindal (1,95 utlån pr innbyggjar), Gulen (1,69) og Vågsøy (1,64). Gulen og Vågsøy brukar også bokbåten til å gi innbyggjarane eit bibliotektilbod, og tar ein med utlånet herifrå kjem Gulen opp i 2,94 og Vågsøy 1,69 utlån/innb.

Utlån pr. innbyggjar, fordelt på bøker og andre media (ikkje inkludert utlån frå bokbuss/bokbåt)

utlaan_kommune08.jpg

Utlån pr. innbyggjar, alle media

utlaan_utvikling08.jpg

 

Utlånstal 2006-2008 for det enkelte bibliotek. Nokre bibliotek har som tidlegare nemnt vore heilt eller delvis nedpakka og stengt i periodar.

Utlån pr. kommune 2006-2008 (ikkje inkludert utlån frå bokbuss/bokbåt)

utlaan_utvikling_kommune08.jpg

 

Biblioteka i Noreg er del av eit nettverk. For at lånarane i størst mogeleg grad skal få det materialet dei ynskjer, låner biblioteka inn materiale dei sjølve ikkje har frå andre bibliotek i fylket og landet. Diagrammet under viser i kor stor grad dei ulike biblioteka låner inn frå andre bibliotek. Som vi ser er det nokre kommunar der ein relativt stor del av materialet som er utlån på biblioteket kjem frå andre bibliotek. (Tal frå Jølster manglar.)

Utlån av bøker innlånt frå anna bibliotek, som prosent av totalt utlån

innlaan_prosent08.jpg

For å sjå på kor mykje av biblioteket si samling som blir utlånt kan ein sjå på omløpshastigheten, dvs talet ein får om ein deler utlånet på bestanden. Den gir eit snitt på kor mange gongar boka/lydboka/filmen blir lånt ut pr. år. 

Tabellen viser omløpshastigheten for alle media samla, bøker, film og lydbøker. Tala viser at det nok er mykje "dødt" materiale på bibliotekhyllene, og at ein med fordel kan kassere meir. Spesielt for (trykte) bøker er omløpshastigheten svært lav.

Omløpshastigheit

omlop08.jpg

Tal utlån fysiske media
 

Økonomi

Det veldig forskjellig kva summar kommunane brukar på biblioteka sine. Det kan vere vanskeleg å samanlikne totale driftsutgifter for kvart enkelt bibliotek, sidan det er varierer mellom biblioteka kva som blir rapportert her. 

Om vi ser på medieinnkjøp er det Selje og Vågsøy som brukar absolutt minst på dette, rekneskapstala for 2008 viser at dei brukte rett over 12 kroner pr. innbyggjar. Fylkessnittet er på 38,24. Ein kan ikkje direkte samanlikne desse tala for dei enkelte kommunane, ting som t.d. kva bokstamme ein alt har og storleiken på kommunen spelar inn, men 12 kroner er uansett svært lite.

Lite innkjøp av aktuell litteratur kan påvirke utlånstala, og også kor mykje ein må låne inn frå andre bibliotek (sjå diagram over).

Kroner brukt til medieinnkjøp, pr. innbyggjar

kroner_mediekjop08.jpg

Alle økonomital


Bok- og mediabestand

Den totale mediebestanden har gått litt ned sidan året før, men talet og andelen "andre media", som film, lydbøker osv, blir også dette året litt større. For å ha eit godt tilbod i biblioteket er ein avhengig av innkjøp av nytt, men også å kvitte seg med det som er gamalt, utslite og uaktuelt. 

År

Tal bøker/ tidsskrift/aviser

Andre media (lydbøker, film mm)

Totalt tal alle media

Prosentdel 
"andre media"

2000

955 154

41 052

996 206

4,12

2001

959 250

41 321

1 000 571

4,13

2002

976 883

45 404

1 022 287

4,44

2003

985 927

47 269

1 033 196

4,58

2004

949 908

50 752

1 000 660

5,07

2005

951 251

59 133

1 010 384

5,85

2006

973 217

67 110

1 040 327

6,45

2007

952 797

71 680

1 024 477

7,00

2008

933 801

74 235

1 008 036

7,36

 

Sjå også tabell for omløpshastighet.

Biblioteka melder inn kor stor del av tilveksten av media på biblioteket som er resultat av dei statleg finansierte innkjøpsordningane. Andelen varierer (og vi må ta atterhald om feilrapportering), men for enkelte bibliotek er ein stor del av tilveksten basert på desse ordningane. (Manglar tal frå Jølster og Vik.)

Innkjøpsordningane (kulturfond), prosentdel av tilvekst

kulturfond08.jpg

Det blir no også samla inn tal for digitale dokument og ressursar som biblioteka tilbyr, men her er det førebels lite å rapportere.

Alle bestandstal
 

Personale, opningstimar og besøk

Årsverk, 2000-2008

aarsverk08.jpgEtter at stillingsressursane i mange år har gått nedover, viste statistikken for 2007 ein liten auke. For 2008 gjekk tala nedover igjen. Totalt var det ved årsskiftet 47,73 årsverk fordelt på dei 58 bibliotekavdelingane i fylket.

I følgje Biblioteklova skal alle kommunar ha fagutdanna biblioteksjef. 13 av 26 kommunar i fylket har biblioteksjef med slik utdanning. Til saman 14 av 26 kommunar bibliotekutdanna personale, tilsvarande 16,32 årsverk. I tillegg har fleire kurs frå Statens bibliotektilsyn/ABM utvikling (kurs for biblioteksjefar utdan fagutdanning).

 

Opningstimar, 2000-2008

opningstimar08.jpgI løpet av perioden 2000-2008 har talet på bibliotekavdelingar (hovudbibliotek og filialar) gått ned frå 74 til 58. I same periode har de samla tida bibliotekavdelingane har ope gått ned frå rundt 860 til under 700 timar i året.

Besøkstala (fysiske besøk på biblioteket) viser nedgang i år, men det er fleire bibliotek som ikkje har rapportert tal så det er vanskeleg å trekke konklusjonar. Tala har også ulike feilkilder og kan vere ganske unøyaktige.

Reknar ein snittet for dei kommunane som har rapportert tal, har kvar innbyggjar besøkt biblioteket 4,3 gongar i 2008.

Alle tal om personale, bibliotekavdelingar, opningstimar mm

Tal for besøk mm


Lånarar

Frå og med 2008 skal biblioteka rapportere inn tal på aktive lånarar, fordelt på alderstilhørighet. Tabell med oversikt over tal lånarar.


IKT, digitale tenester og samlingar

Alle folkebiblioteka har elektronisk katalog over (heile eller delar av) samlingane sine. Ved årsskiftet hadde 21 av 26 folkebibliotek denne katalogen søkbar på nettet.

Det skal no også rapporterast om digitale tenester, som t.d. digitale filer for nedlasting, databasar biblioteket gjer tilgjengeleg for brukarane sine, søk i katalogen og bruk av biblioteket sine nettsider. Det er førebels rapportert lite slike tal - dels fordi få bibliotek har t.d. nedlastbare tekst- eller lydfiler, dels fordi dette er tal det kan vere vanskeleg å får henta ut av datasystema. Vi reknar med dette vil betre seg i komande år.

Litt om katalog og heimesider (bl.a.)
Nedlasting, søk, viste postar