Kvart år rapporterer biblioteka i Noreg inn statistikktal til ABM utvikling (Statens senter for arkiv, bibliotek og museum). Nedanfor finn du ein del av resultata for 2007, med kommnetarar. Det fins også tabellar med alle tala som er samla inn.

Ein må vere merksam på at statistikken som er samla inn ikkje vil gi eit fullgodt bilete av bruken av biblioteket sine tenester. Det som blir rapportert er delar av verksemda, og det kan også vere ulike feilkjelder i rapporteringa.  


Utlån

Det er framleis ein viss nedgang i utlånstalet for biblioteka. No ligg talet på 4,82 utlån pr innbyggjar, mot 4,94 i 2006 og 5,06 i 2005.

På "utlånstoppen" finn vi Høyanger med 9,01 utlån pr innbyggjar, følgd av Luster (8,34) og Gloppen (7,28). Lån frå bokbuss/bokbåt er ikkje rekna med i desse tala. Det kan vere verdt å merke seg at dei tre biblioteka som ligg på topp har kombinasjonsbibliotek med skular, der alt "skulebibliotekutlån" etter rapporteringsreglane blir ført i statistikken til folkebiblioteket. 

I andre enden av skalaen finn vi igjen Hornindal (2,08 utlån pr innb.), Gulen (1,77) og Vågsøy (1,56). Tar ein med utlån frå bokbåten, kjem Gulen opp i 3,12 utlån, og Vågsøy går også litt opp - til 1,60.

Utlån pr. innbyggjar, fordelt på bøker og andre media (ikkje inkludert utlån frå bokbuss/bokbåt)

Utlaan pr innbyggjar og medietype.jpg

Utlån pr. innbyggjar

utlaansutvikl07.jpg

Mange av bibliotek i fylket har hatt nedgang i utlånet frå i fjor, men nokre har også hatt ein auke.

Utlån pr. kommune 2006 og 2007 (ikkje inkludert utlån frå bokbuss/bokbåt)

Utlaan pr kommune07.jpg

Biblioteka i Noreg er del av eit nettverk. For at lånarane i størst mogeleg grad skal få det materialet dei ynskjer, låner biblioteka inn materiale dei sjølve ikkje har frå andre bibliotek i fylket og landet. Diagrammet under viser i kor stor grad dei ulike biblioteka låner inn frå andre bibliotek. Som vi ser er det nokre kommunar der ein relativt stor del av materialet som er utlån på biblioteket kjem frå andre bibliotek. (Jølster har ikkje rapportert inn tal her.)

Utlån av bøker innlånt frå anna bibliotek, som prosent av totalt utlån

innlaan07.jpg

Alle tal som gjeld utlån


Økonomi

Det er store ulikskapar mellom kommunane når det gjeld kor mykje dei brukar bibliotek. Det kan vere vanskeleg å samanlikne totale driftsutgifter som er rapportert inn for kvart enkelt bibliotek, sidan det er ulikt mellom biblioteka kva som er tatt med her. 

Men ser ein på kva dei enkelte biblioteka brukte til medieinnkjøp, ligg Selje på botn her, med 10 kroner og 42 øre til innkjøp pr innbyggjar. Etter fleire år på botn ligg no Vågsøy nest nederst, med 11,62 kr. pr innbyggjar. Fylkessnittet er på 41,27. 

Det er nærliggande å tenke at dei som har lite å kjøpe inn for, også vil få eit dårlegare utval, og dermed lågare utlån. Dette gjeld nok spesielt mindre bibliotek som ikkje har allereie har ein bokstamme av ein viss storleik. 

Dårleg bokstamme kan også gi auka innlån frå andre bibliotek, sjå diagram over.

Kroner brukt til medieinnkjøp, pr. innbyggjar

mediekjop07.jpg

Alle økonomital


Bok- og mediabestand

Mediebestanden totalt har gått litt ned sidan året før, men talet og andelen "andre media", som film, lydbøker osv, blir også dette året større.

År

Tal bøker/ tidsskrift/aviser

Andre media (lydbøker, film mm)

Totalt tal alle media

Prosentdel 
"andre media"

2000

955 154

41 052

996 206

4,12

2001

959 250

41 321

1 000 571

4,13

2002

976 883

45 404

1 022 287

4,44

2003

985 927

47 269

1 033 196

4,58

2004

949 908

50 752

1 000 660

5,07

2005

951 251

59 133

1 010 384

5,85

2006

973 217

67 110

1 040 327

6,45

2007

952 797

71 680

1 024 477

7,00

 

Nytt i rapporteringa i år er at biblioteka skal melde inn kor stor del av tilveksten av media på biblioteket som er resultat av dei statleg finansierte innkjøpsordningane. Andelen varierer (og vi må ta atterhald om feilrapportering), men for enkelte bibliotek er ein stor del av tilveksten basert på desse ordningane.

Innkjøpsordningane, prosentdel av tilvekst

innkjopsordning07.jpg

Alle bestandstal

 

Personale, opningstimar og besøk

Etter at stillingsressursane i mange år har gått nedover, viser statistikken for 2007 ein liten auke. Totalt er det no 49,4 årsverk fordelt på dei 59 bibliotekavdelingane i fylket, mot knapt 48 i 2006. I følgje Biblioteklova skal alle kommunar ha fagutdanna biblioteksjef. Kun 12 av 26 kommunar i fylket har biblioteksjef med slik utdanning, av desse er 7 tilsett på full tid. Til saman 14 av 26 kommunar bibliotekarutdanna personale, tilsvarande 15,82 årsverk. I tillegg har ein del kurs frå Statens bibliotektilsyn/ABM utvikling (kurs for biblioteksjefar utdan fagutdanning).

Årsverk 2000-2007

aarsverk.jpg

Opningstimar 2000-2007

opningstimar.jpgI løpet av perioden 2000-2007 har talet på bibliotekavdelingar (hovudbibliotek og filialar) gått ned frå 74 til 59. I same periode har de samla tida bibliotekavdelingane har ope gått ned frå rundt 860 til knapt 750 timar i året.

 

 

 

 

Besøk 2000-2007

besok07.jpgBesøkstala viser fysiske besøk på biblioteket, besøk og bruk av tenester på biblioteka sine nettsider blir ikkje talt. 
Tala som er rapportert inn er ganske usikre. Ikkje alle bibliotek rapporterer alle år, og få har automatisk teljeverk og er difor avhengige av mauelle teljingar - dvs ein tel besøket to veker årleg, og får eit snittal ut frå dette.

Ser ein på tala som er rapportert inn er det ein liten oppgang i besøka på biblioteka i fylket. Kvar innbyggjar har besøkt biblioteket 4,63 gongar i 2007, det er omtrent på landssnittet (4,7). 

 

Alle tal om personale, bibliotekavdelingar, opningstimar mm

Tal for besøk mm

 

IKT

Stadig fleire bibliotek får gjort mediabasen sin tilgjengeleg på internett. Ved årsskiftet hadde 21 av 26 folkebibliotek søkbar katalog på nettet. Dessverre blir det ikkje - ut over spørsmålet om bibliotekbasen er tilgjengeleg på nett - rapportert kva typer nettenester/-tilbod biblioteka har, og i kor stor grad publikum nyttar seg av desse.

Alle tal om IKT