Kvart år rapporterer biblioteka i Noreg inn statistikktal til ABM utvikling (Statens senter for arkiv, bibliotek og museum). Nedanfor finn ein ein del av resultata for 2006, med kommnetarar. Det fins også tabellar med alle tala som er samla inn.

 

Utlån

Det totale utlånstalet fortset med nedgangen som starta etter toppen i 2003. No ligg talet på 4,94 utlån pr innbyggjar pr år, mot 5,06 i 2005. Høyanger ligg igjen på topp når det gjeld utlån (10,66 pr innb.), følgd av Luster (8,03), Gloppen (7,74) og Naustdal (7,34). Lån frå bokbuss/bokbåt er ikkje rekna med i desse tala. Det kan vere verdt å merke seg at alle biblioteka som ligg på topp har kombinasjonsbibliotek med skular, der alt "skuleutlån" blir ført i statistikken til folkebiblioteket. 

I andre enden av skalaen finn vi igjen Hornindal (2,39 utlån pr innb.), Gulen (1,92) og Vågsøy (1,34). Tar ein med utlån frå bokbåten, kjem Gulen opp i 3,27 utlån, og Vågsøy går også litt opp - til 1,39.

Utlån pr. innbyggjar, fordelt på bøker/andre media
(Ikkje inkludert utlån frå bokbuss/bokbåt)

utlån.jpg

Utlån pr. innbyggar, alle media, 1990-2006
Inkluderer utlån frå bokbuss/bokbåt.

utvikling utlån.gif

 

For at lånarane i størst mogeleg grad skal få det dei ynskjer, låner biblioteka inn materiale dei sjølve ikkje har frå andre bibliotek. Diagrammet under viser i kor stor grad dei ulike biblioteka baserer seg på slikt innlån.

 

Utlån av bøker innlånt frå anna bibliotek, som prosent av totalt utlån

innlån.jpg

Alle tal som gjeld utlån mm (pdf)


Økonomi

Det er store ulikskapar mellom kommunane når det gjeld kor mykje dei brukar bibliotek. Det kan vere vanskeleg å samanlikne totale driftsutgifter som er rapportert inn for kvart enkelt bibliotek, sidan det er ulikt mellom biblioteka kva som er tatt med her. 

Men ser ein på kva dei enkelte biblioteka brukte til medieinnkjøp, ligg Vågsøy på botn også her, med 10 kroner og 52 øre til innkjøp pr innbyggjar. Men det er trass alt ein oppgang på nesten 2 kroner frå året før. Nest nederst ligg Førde med kr 21,06. Fylkessnittet er på 39,66. 

Det er nærliggande å tenke at dei som har lite å kjøpe inn for, også vil få eit dårlegare utval, og dermed lågare utlån. Dette gjeld nok spesielt mindre bibliotek som ikkje har allereie har ein bokstamme av ein viss storleik. 

Dårleg bokstamme kan også gi auka innlån frå andre bibliotek, sjå diagram over.

Alle økonomital (pdf)

Kroner brukt til medieinnkjøp, pr. innbyggjar

mediekjøp.jpg

Bok- og mediabestand

Mediebestanden har auka litt sidan året før, og andelen "andre media", som film, lydbøker osv, blir stadig større. 

 

År

Tal bøker/ tidsskrift/aviser

Andre media (lydbøker, film mm)

Totalt tal alle media

Prosentdel 
"andre media"

2000

955 154

41 052

996 206

4,12

2001

959 250

41 321

1 000 571

4,13

2002

976 883

45 404

1 022 287

4,44

2003

985 927

47 269

1 033 196

4,58

2004

949 908

50 752

1 000 660

5,07

2005

951 251

59 133

1 010 384

5,85

2006

973 217

67 110

1 040 327

6,45

 

Alle bestandstal (pdf)


Personale

Stillingsressursane går sakte men sikkert nedover. I 2006 var det knapt 48 årsverk fordelt på dei 26 folkebiblioteka. Kun 11 av 26 kommunar har biblioteksjef med godkjent bibliotekarutdanning, av desse er 7 tilsett på full tid.

Årsverk, 2000-2006

Årsverk.jpg

Alle tal om personale, bibliotekavdelingar mm (pdf)

 

Opningstider og besøk

Opningstimar, 2000-2006

opningstimar.jpg

I løpet av perioden 2000-2006 har talet på bibliotekavdelingar (hovudbibliotek og filialar) gått ned frå 74 til 59. I same periode har de samla tida bibliotekavdelingane har ope gått ned frå rundt 860 til 750 timar i året.

Besøk 2000-2006

besøk.jpg

Besøkstala som er rapportert inn er ganske usikre. Ikkje alle bibliotek rapporterer alle år, og få har automatisk teljeverk og er difor avhengige av mauelle teljingar - dvs ein tel besøket to veker årleg, og får eit snittal ut frå dette.

Ser ein på tala som er rapportert inn, ser det ut til å stemme med tala for landet generelt, som viser ein viss nedgang i besøkstalet etter fleire år med oppgang.

 

IKT

Stadig fleire bibliotek får gjort mediabasen sin tilgjengeleg på internett. Ved årsskiftet hadde 20 av 26 folkebibliotek søkbar katalog på nettet. 

Kva andre elektroniske/nettbaserte tilbod biblioteka gir, blir ikkje rapportert i denne statistikken.

Alle tal om IKT (pdf)