Kvart år samlar ABMu (Statens senter for arkiv, bibliotek og museum) inn statistikk for biblioteka i Noreg. Nedanfor finn ein ein del av resultata, med kommnetarar. Det fins også tabellar med alle tala som er samla inn.

Utlån

Etter å ha gått jevnt oppover dei siste åra har, har utlånet gått litt ned siste år - for 2005 var det på 5,33 lån pr innbyggjar, mot 5,63 året før. Desse tala er inkludert utlån frå bokbuss og bokbåt - dersom ein ikkje reknar utlån frå buss og båt, er tala hhv 5,06 og 5,32.

Høyanger ligg på utlånstoppen, med 10,45 utlån pr innbyggjar i 2005, deretter kjem Vik, Luster og Hyllestad. På botn ligg i år igjen Vågsøy, med berre 1,35 utlån pr innbyggjar. (Tala ikkje inkludert utlån frå buss/båt)

Det ganske store forskjellar mellom biblioteka når det gjeld kva som blir lånt ut. For enkelte er prosenten av "andre media" (stort sett video/dvd, lydbøker og musikk) som blir lånt ut svært høg. Dette har sjølvsagt samanheng med tilbodet og utvalet av andre media. 
 

Utlån pr. innbyggjar, fordelt på bøker/andre media
(ikkje inkludert utlån frå bokbuss/bokbåt)

Utlån pr innb ulike medietypar 2005.gif

Diagrammet under viser totalt utlån pr kommune, fordelt på utlån frå vanleg bibliotek(filial) og utlån frå bokbuss og bobkåt.

Totalt utlån, pr. kommune, 2005

Utlån pr kommune 2005.jpg

 

For at lånarane i størst mogeleg grad skal få det dei ynskjer, låner biblioteka inn materiale dei sjølve ikkje har frå andre bibliotek. Diagrammet under viser kor stor del av utlånet i biblioteket er resultat av eit slikt innlån frå anna bibliotek.

Utlån av bøker innlånt frå anna bibliotek, som prosent av totalt utlån

innlån 2005.jpg

Alle tal som gjeld utlån mm.

 

Økonomi

Det er store ulikskapar mellom kommunane når det gjeld kor mykje dei brukar bibliotek. Det kan vere vanskeleg å samanlikne totale driftsutgifter som er rapportert inn for kvart enkelt bibliotek, sidan det er ulikt mellom biblioteka kva som er tatt med her. 

Men ser ein på kva dei enkelte biblioteka får til medieinnkjøp, ligg Vågsøy på botn også her, med 8 kroner og 55 øre til innkjøp pr innbyggjar. Nest nederst ligg Hornindal med kr 21,30. Fylkessnittet er på 38,95. Det er nærliggande å tenke at dei som har lite å kjøpe inn for, også vil få eit dårlegare utval, og dermed lågare utlån. Dette gjeld nok spesielt mindre bibliotek som ikkje har allereie har ein bokstamme av ein viss storleik. 

Dårleg bokstamme kan også gi auka innlån frå andre bibliotek, sjå diagram over.

Alle økonomital

Kroner brukt til medieinnkjøp, pr. innbyggjar

Medieutgifter 2005.jpg

Bok- og mediabestand

Den totale mediabestanden held seg rundt 1 000 000, som det har vore dei siste åra. Tendensen frå tidlegare år fortset, og andelen "andre media" i biblioteka (stort sett lydbøker, video/dvd og musikk) aukar stadig.

 
 
År Tal bøker/ tidsskrift/aviser Andre media (lydbøker, film mm) Totalt tal alle media Prosentdel 
"andre media"
2000

955 154

41 052

996 206

4,12

2001 959 250 41 321 1 000 571 4,13
2002 976 883 45 404 1 022 287 4,44
2003 985 927 47 269 1 033 196 4,58

2004

949 908 50 752 1 000 660 5,07

2005

951 251 59 133 1 010 384 5,85

Alle bestandstal (pdf)

 

Personale

Det er ikkje store endringar i personalsituasjonen frå året før. Av 26 kommunar har kun seks fagutdanna biblioteksjef i heil stilling. Fem kommunar har fagutdanna biblioteksjef i deltidsstilling. I alt 19 kommunar har biblioteksjef i deltidsstilling. Tilsaman 101 personar er tilsett i folkebiblioteka i fylket, fordelt på 48,6 årsverk.

Alle tal om personale, bibliotekavdelingar mm (pdf)


IKT

Stadig fleire bibliotek får gjort mediabasen sin tilgjengeleg på internett. Ved årsskiftet hadde 18 av 26 folkebibliotek søkbar katalog på nettet. 46 av 60 bibliotekavdelingar har tilgang til internett for publikum.

Kva andre elektroniske/nettbaserte tilbod biblioteka gir, blir ikkje rapportert i denne statistikken.

Alle tal om IKT (pdf)