Økonomi

Når det gjeld økonomi ser det ut til at svært mange kommunar kuttar i bevilgningane til biblioteket. Diagrammet under viser kva biblioteka har hatt å rutte med til mediekjøp pr. innbyggar i 2004, og kva det er budsjettert for i år. Mange har fått kutta budsjetta ganske mykje.

Medieutgifter 2004.gif

Bok- og mediabestand

Totalbestanden av bøker og andre media held seg rundt 1 000 000, som det har vore dei siste åra. Ser ein på utviklinga av fordeling mellom bøker/tidsskrift og "andre media" (lydbøker, musikk, film osv), ser ein at prosentdelen "andre media" aukar jamnt.

 
 
År Tal bøker/ tidsskrift/aviser Andre media (lydbøker, film mm) Totalt tal alle media Prosentdel 
"andre media"
2000

955 154

41 052

996 206

4,12

2001 959 250 41 321 1 000 571 4,13
2002 976 883 45 404 1 022 287 4,44
2003 985 927 47 269 1 033 196 4,58

2004

949 908 50 752 1 000 660 5,07

 

Personale

Av 26 kommunar har kun 6 fagutdanna biblioteksjef i heil stilling. Like mange har fagutdanna biblioteksjef i deltidsstilling. I 19 kommunar er biblioteksjefen tilsett i deltidsstilling. Totalt var det 48,6 årsverk i biblioteka, ein nedgang frå 50,9 året før. 


Utlån

For utlånet ligg snittet for fylket på same nivå som året før - totalt utlån 5,67 pr innbyggjar i 2003, og 5,63 i 2004. Desse tala er inkludert utlån frå bokbuss og bokbåt - dersom ein ikkje reknar utlån frå buss og båt, er tala hhv 5,35 og 5,32.

Utlån pr innb 2004.gif

Ser ein på kva som blir lånt ut i folkebiblioteka, viser det seg at det ganske store forskjellar mellom biblioteka når det gjeld kva som blir lånt ut. For enkelte er prosenten av "andre media" (stort sett video/dvd og lydbøker) som blir lånt ut svært høg. Dette har sjølvsagt samanheng med tilbodet av andre media. 

(Tala under er ikkje inkl. utlån frå bokbuss og -båt)

Utlån pr innb ulike medietypar 2004.gif

IKT

14 bibliotek hadde katalogen søkbar på internett - eitt meir enn året før. Av 61 bibliotekavdelingar hadde 45 tilgang til internett for publikum i 2003. Det var minst ei avdeling i kvar kommune som ga internettilgang for publikum. 14 bibliotek har gjort katalogen sin søkbar på internett, det er 1 meir enn i 2003. Ein del har katalogen tilgjengeleg for publikumssøk i biblioteket, men framleis er det 10 bibliotek der publikum ikkje har tilgang til søk i bibliotekkatalogen.