Folkebiblioteka rapporterer kvart år inn statistikk til Nasjonalbiblioteket. Statistikktala er frå fleire område av drifta, og gir eit bilete av stoda i biblioteka i Sogn og Fjordane. Vi må likevel vere varsam i bruk av tala, då det kan vere feilkjelder og ulike tilhøve i det enkelte bibliotek som kan gi eit skeivt inntrykk av heilskapen.

Vi har lagt ut tabellar med alle rapporterte statistikktal. Alle tal skal vere pr. 31.12.2016. Ved utrekningar som gjeld pr. innbyggjar har vi, som Nasjonalbiblioteket, brukt innbyggjartal pr. 01.01.2016 (henta frå SSB).

Statistikkskjema som er brukt til å hente inn tal frå folkebibliotek er nytt/endra frå 2015, så det er ikkje mogleg å samanlikne direkte med tidlegare år på alle område.

Vi ser i det følgjande på bruk av biblioteket og på kva ressursar biblioteket disponerer.

 

Bruk av biblioteket

Biblioteket blir brukt på ulike måtar, m.a. for lån av bøker og anna materiale, som studieplass, til arrangement for store og små og som ein stad å møte andre. Bibliotekstatistikken prøver å fange opp ein del av dei ulike bruksområda.
 

Arrangement

I den reviderte bibliotekloven, gjeldande frå 2014, er det presisert at biblioteket m.a. skal vere ein uavhengig møteplass, arena for samtale og debatt, og drive aktiv formidling. Dette har bidrege til at det blir stadig fleire arrangement i biblioteka. Arrangement kan innebere mykje ulikt; ulike typar litteraturformidling, barneførestellingar, forfattar- og føredragskveldar, leksehjelp, slektsforskingskurs, skrivekurs, språkkurs, klassebesøk, lesesirklar og liknande.

Som vi ser av tabellen under var det i regi av folkebiblioteka i Sogn og Fjordane gjennomført totalt 709 arrangement i 2016, med til saman 19 273 frammøtte. I tillegg var det 76 arrangement med 1390 frammøtte, der eksterne hadde ansvaret for innhaldet.

Arrangement Tal av desse,
for barn
Frammøtte
- i regi av biblioteket eller i samarbeid med andre      
Samtale-/debattarrangement 19   342
Kulturarrangement 211 63 9 177
Opplæring/kurs/verkstad 162 21 1 982
Bibliotekinformasjon/omvising 28 10 484
Totalt 420 94 11 985
       
- for skular og barnehagar      
For klassar (inkl. DKS)   208 4 909
For barnehagar   81 2 379
Totalt   289 7 288
       
- der eksterne har eineansvar for innhaldet      
Samtale-/debattarrangement 11   257
Kulturarrangement 15 2 775
Opplæring/kurs/verkstad 50 16 358
Totalt 76 18 1 390

Det er stor variasjon mellom biblioteka, som har gjennomført frå null til 70 arrangement dette året. Dei største biblioteka har naturleg nok mange arrangement, men også mange mindre bibliotek har stor aktivitet.

Det er samla inn litt meir detaljerte tal for 2016 enn tidlegare år, m.a. på ulike typar arrangement, så det er ikkje alle tal vi kan samanlikne med tidlegare år. Nokre av arrangementa som er rapporterte på skule/barnehage i 2016, kan t.d. ha vore rapporterte under generelle arrangement tidlegare.

Samla tal arrangement, ikkje inkludert barnehage/skule, viser ein bra auke dei siste åra:

Arrangement og deltakarar 2009-2016

 

Besøk

Få bibliotek har elektroniske besøksteljarar, og besøkstal er difor ofte basert på manuell teljing, stikkprøvetal eller eit overslag. Gjennomsnittleg besøkstal rapportert i år er 4,71 pr. innbyggjar, mot 4,66 i fjor. Dette sjølv om eit par bibliotek var stengde heile eller delar av året.

Gjennomsnittleg tal bibliotekbesøk i Noreg er 4,6, opp frå 4,34 i 2015.

Alle tal arrangement og besøk (pdf)
 

Utlån - fysisk materiale

Folkebiblioteka i fylket tilbyr lån av både fysisk og elektronisk materiale. I motsetnad til arrangement og besøk i biblioteka, har heimlånet av fysisk materiale (bøker, lydbøker, film mm) gått ned. Dette har vi til felles med resten av landet. I gjennomsnitt lånte kvar innbyggjar i fylket 4,11 fysiske einingar i 2016, mot 4,26 på landsbasis. Sogn og Fjordane følgjer stort sett lånetrendane på landsbasis, men ligg jamt litt under. (Den ekstra store nedgangen i fylket i 2008/09 skuldast mykje at fleire bibliotek var stengde pga. flytting/ombygging i delar av perioden.)

Utvikling utlån 1999-2016

Utlånet varierer mellom biblioteka, størst utlån har ofte biblioteka som også er skulebibliotek (kombinasjonsbibliotek), der alt utlån blir rekna med i folkebibliotekutlånet. Det er også ulikt kva typar bøker som blir lånte ut. Deler vi lånte barnebøker på tal barn (t.o.m. 14 år), og vaksenbøker på vaksne, ser vi at skjønnlitteratur til barn er det det blir lånt ut mest av. I snitt blir det lånt ut 9 skjønnlitterære barnebøker pr. barn i fylket.

Luster er kommunen som har totalt høgast utlån via folkebibliotek/kombinasjonsbibliotek, med Gloppen og Hyllestad på dei neste plassane. Nedst finn vi Hornindal, Leikanger og Vågsøy. (NB - Vågsøy hadde stengt hovudbibliotek i fleire månader i 2016.) Hyllestad og Høyanger er dei som låner ut mest vaksen skjønnlitteratur pr. vaksen, medan Gloppen og Førde låner ut flest fagbøker pr. vaksen.

Utlån bøker pr barn og vaksne

Utlån pr. barn/vaksen viser altså at det blir lånt ut mange fleire bøker pr. barn enn pr. vaksen. Også når vi ser på totalt utlån, har utlånet av barnebøker gått forbi utlån av vaksenbøker. Auken i utlån av barnelitteratur kan m.a. ha samanheng med at frå ca. 2010 og utover satsa stadig fleire bibliotek på ulike lesestimuleringstiltak.

fordeling lån barnebøker vaksenbøker

Alle utlånstal, fysiske media (pdf)
 

Utlån - digital bruk

Biblioteka i fylket har kunna tilby lån av e-bøker gjennom appen eBokBib sidan april 2014. Grafen viser både tal nedlastingar (utlån) og lån pluss fornying (forlenging av utlån utan ny nedlasting av e-bokfila).

Ebokutlån

E-bokutlånet varierer gjennom året, med ein topp i sommarferien og litt høgare utlån i haust-/vintermånadene enn på våren. Totalt var utlånet gjennom folkebiblioteka/fylkesbiblioteket på totalt 18 960 bøker (inkl. 2503 fornyingar), mot 15 970 i 2015. I tillegg kjem noko utlån til lånarar på vidaregåande skular.

I tillegg til e-bøker har om lag halvparten av biblioteka gitt tilbod om lesing av elektroniske tidsskrift og aviser frå heile verda gjennom PressReader, ein del tilbyr tilgang til Nasjonalbiblioteket si avisteneste, og alle med eit lånekort frå biblioteket kan sjå norske kort- og dokumentarfilmar gjennom Filmbib. Desse tilboda har vi førebels ikkje fått ut gode tal på bruken av.

Bruk av digitale tenester, IKT (pdf)

 

Ressursar

Ressurssituasjonen til folkebiblioteka betyr mykje for kva tilbod dei kan gi innbyggjarane i kommunen, og i kva grad dei kan oppfylle krava i bibliotekloven.
 

Bibliotekavdelingar og opningstimar

I Sogn og Fjordane var det ved årsskiftet 26 hovudbibliotek og 26 filialar. 17 kommunar har berre hovudbiblioteket, medan 9 kommunar i tillegg har til saman 26 filialar. Ei vanleg veke har hovudbiblioteka ope til saman 580,5 timar, varierande mellom 8 og 48 timar.
 

Personale

Halvparten av kommunane har biblioteksjef med bibliotekfagleg utdanning (bachelorgrad eller høgare), fem av desse kommunane har også fleire bibliotekutdanna tilsett. Totalt er 20 personar med bibliotekfagleg utdanning tilsett, i 17,10 årsverk. 16 personar (9 årsverk) har anna høgre utdanning, medan 43 personar deler på 17,48 årsverk innan kategorien "anna kontor-/fagpersonale".

Kvart bibliotek rår over frå 0,5 til 5,0 årsverk, til saman er det tilsett 80 personar i ulike stillingar, fordelt på 43,73 årsverk. 11 bibliotek har mindre enn 1 årsverk på biblioteket, ytterlegare 8 har mellom 1 og 2 årsverk.

Alle tal om tilsette og avdelingar (pdf)
 

Mediebestand

Biblioteka tilbyr ulike typar medium, mykje av dette har vore trykte bøker. Etter kvart har andelen andre typar fysiske media, som lydbøker, film, musikk mm. kome til, og andelen slike medium har auka jamt dei siste åra. Prosentdelen har stige frå 4,12 i 2000, til 11,04 i 2016.

Totalt er det 803 271 bøker/tidsskrift i biblioteka, og 99 683 andre medium som lydbøker, film og musikk.

I tillegg til fysiske medium kjem dei elektroniske ressursane som biblioteka tilbyr i stadig større grad. Fleire bibliotek kom i 2016 med i ei felles abonnementsteneste (PressReader) i samarbeid med fylkesbiblioteket. Denne gir tilgang til fleire tusen aviser og tidsskrift frå heile verda via app eller på nett. Alle biblioteka deltek i den fylkesdekkande ordninga som gir tilgang til e-bøker via appen eBokBib. Ved årsskiftet hadde ein tilgang til 2354 ulike titlar (1690 i 2015), 1893 for vaksne og 461 for barn. I tillegg kan alle som har eit nasjonalt lånekort frå biblioteket nytte seg av tenesta FilmBib, og få tilgang til norske kort- og dokumentarfilmar (290 ved årsskiftet).

Tal mediebestand, fysisk og digital (pdf)
 

Økonomi

Biblioteka rapporterer inn rekneskapstal for medieinnkjøp. Det er store ulikskapar i kor mykje kvar kommune brukar på innkjøp til mediasamlingane.

Kroner medieinnkjøp 2015-2016

I 2016 brukte Solund mest pr. innbyggjar til medieinnkjøp, med 96,10 kroner, følgd av Hyllestad og Høyanger. På botn ligg Selje med 9,61 og Vågsøy med 20,98 kroner/innbyggjar. Snittet for fylket er 42,71 kroner pr. innbyggjar.

Frå år 2000 har kronesummen brukt på bibliotek vore nokolunde den same frå år til år, mellom 38 og 43 kroner pr. innbyggjar. Reknar vi tala om til 2016-kroner, ser vi det har vore ein sterk nedgang i kva biblioteka har til medieinnkjøp, frå 57,36 i 2000 til 42,71 i 2016, ein nedgang på over 25 %. Ein har i kroner altså 1/4 mindre å kjøpe bøker for enn for 16 år sidan.

Kronesum justert kpi

Tabellar med alle statistikktal