Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har gjennom fylkeskommunens klimaplan fått midlar til å gjennomføre ein turné i samarbeid med folkebiblioteka. Vi har engasjert forfattar Sigbjørn Mostue og Svein Tveitdal, tidlegare direktør ved FN sitt klimaprogram (UNEP), til å halde foredrag for vaksne om klimaendringar. 

«Lyg vi for dei unge?»
Sigbjørn Mostue, forfattar bak trilogien "I morgon er alt mørkt", og Svein Tveitdal, tidlegare direktør ved FN sitt klimaprogram (UNEP), kjem for å sette søkelyset på dei unge sitt engasjement for klimaendringane. Dei vil snakke om korleis vaksne kan vere gode rollemodellar når det gjeld klima og miljø. Er vi vaksne ærlege nok, eller skjermar vi barna våre for sanninga om korleis det står til med jordkloden? Kva gjer vi sjølve for å motverke utviklinga? Det er jo dei unge som i størst grad må handtere verknadene av klimaendringane, og korleis kan vi bu dei på dette? Vi ser no eit auka engasjement frå den yngre generasjonen, og Mostue og Tveitdal vil kome inn på kva vi faktisk kan gjere konkret for å få til endring.

Dag/dato Kva bibliotek
Måndag 04.11 Sogndal bibliotek
Tysdag 05.11 Gloppen folkebibliotek
Onsdag 06.11 Selje folkeboksamling, ved Doktorgarden
Torsdag 07.11 Gaular folkebibliotek
Fredag 08.11 Askvoll bibliotek
Laurdag 09.11 Lærdal folkebibliotek


Turnéen er sett opp i veke 45 og er eit gratis kveldsarrangement som varer i ca. 90 minutt. Arrangementet inkluderer foredrag, høgtlesing og diskusjon med samtaleleiar Anja Aga Ramstad frå fylkesbiblioteket. I samtalen legg vi opp til spørsmål og kommentarar frå publikum. 

På dagtid tilbyr vi eit tilsvarande arrangement ved vidaregåande skule i nærleiken.